Vernepleiar 100% – Prestbrekka bufellesskap – Alver kommune
Health and social care Vernepleier(2 days ago)
Job Description
Published 21-11-2024
Deadline: 09-12-2024
Vernepleiar 100% – Prestbrekka bufellesskap
Om stillinga
Me søkjer vernepleiar til 100% fast stilling i langvaktsturnus. Vaktlengde vil vere over 12,5 timar med jobb kvar 4 helg. Denne stillinga er hovudsakleg knytta opp til ein tenestmottakar der det krevst kjennskap til helse- og omsorgstjenesteloven kapittel 9- samt erfaring kring autisme og utfordrande atferd.
Sjukepleiar med relevant erfaring kan også søkje.
Om Prestbrekka bufellesskap
Prestbrekka bufellesskap ligg sentralt på Manger, og er heimen til pr i dag 9 personar med ulikt bistandsbehov. Målet er å gje tenester av høg kvalitet for å sikre ein best mogeleg kvardag for den einskilde. Prestbrekka bufellesskap er arbeidsplassen til vernepleiar, sjukepleiar, miljøterapeutar, hjelpepleiar/helsefagarbeidar og assistentar.
Arbeidsoppgåver
– Fagutvikling, opplæring og rettleiing
– Utarbeiding av mål, planar og tiltak
– Kjennskap til lov om helse-og omsorgstjenestelova kapittel 9
– Leggje til rette for gode tenestar til den einskilde
– Sikre at dokumentasjonen er i tråd med gjeldande retningslinjer
– Kartlegging av tenestebehov
– Samarbeid med lege og spesialisthelsetjenesten
Kvalifikasjonskrav
– Offentleg godkjent vernepleiar/sjukepleiar
– God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
– Gode datakunnskapar
– Førarkort klasse B
Du må ha god fysisk helse.
Vi tilbyr
– 9000kr over grunnløn i tariffavtale
– God pensjonsordning
– Personleg og fagleg utvikling
Spørsmål om stillinga
Lene Christensen, avdelingsleiar, 99477375, lene.christensen@alver.kommune.no
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Alver kommune orgnr: 976674103 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Habiliteringstenester i Alver kommune gir tenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan. |
Webside | https://www.alver.kommune.no/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Vernepleier |
Sted | MANGER (Adresse: Raunholmskogen 2 Postnr: 5936) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 4 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 09-12-2024 |