Job Description

Published 28-10-2024
Deadline: 12-11-2024

 

Vernepleiar – 100 % fast stilling Hamna dagsenter

Vi søkjer etter deg som har erfaring frå eller interesse for arbeid med mennesker med ulike utfordringar, og som vil vere med å utvikle og kvalitetssikre tilbodet om dagtilbodet til brukargruppa.

Stillinga er knytt til seksjon Hamna dagsenter, og er organisert under avdeling bu og habilitering i helse og omsorgs sektoren. Hamna dagsenter er eit interkommunalt dagtilbod til mennesker med ulike utfordingar frå Volda og Ørsta kommune. Personalgruppa består av engasjerte medarbeidarar som er opptekne av fagleg utvikling og godt samarbeid med foreldre og andre samarbeidspartar. God omsorg, meiningsfulle aktivitetar og utvikling hos den enkelte står i fokus.

Arbeidsoppgåver

  • Målretta miljøarbeid med det enkelte brukar
  • Delta i daglege aktivitetar med brukarane
  • Primærkontakt-/ koordinator oppgåver
  • Dokumentere i journal etter gjeldande lovverk
  • Fylgje nedskrive prosedyrar, planar og tiltak
  • Stille spørsmål og reflektere rundt arbeidet du utfører
  • Samarbeide med foreldre og andre instansar
  • Oppfølging av kapittel 9 (tvang og makt)
  • Rettleie og gi opplæring til andre tilsette, studentar og lærlingar
  • Som vernepleiar ha ansvar for handtering av legemidlar og medisinfaglege prosedyrar 

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning innan helse og sosialfag, fortrinnsvis vernepleiar,
  • Andre med helsefagleg utdanning kan også søkje
  • Erfaring med miljøarbeid knytt til brukar gruppa i praksis er ein fordel
  • Det er ynskjeleg med erfaring frå arbeid med utfordrande atferd
  • Personlege eigenskapar blir høgt vektlagt
  • Førarkort klasse B for manuell gir
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • IKT ferdigheiter
  • Tilfredsstillande politiattest av ny dato

Personlege eigenskapar

  • Du er ein trygg og tydeleg vaksenperson og ein god rollemodell
  • Du må kunne sette grenser, stå i kravsituasjonar, men også kunne ivareta brukarmedverknad
  • Du tilpassar din kommunikasjon etter tenestemottakar sitt behov, syner tolmod og er omsorgsfull
  • Du må vere spontan, og takle endringar på kort varsel
  • Hos oss er du ein lagsepelar, du må vere løysingsorientert, inkluderande og nyskjerrig
  • Du evnar å arbeide tett med kollegaer, men må også kunne arbeide sjølvstendig

Vi tilbyr

  • Løn etter gjeldande tariff
  • Gode pensjons og forsikringsordningar i KLP
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Gode kollega og triveleg arbeidsmiljø
  • Tilgang på elæringskurs frå Visma og NHI
  • Arbeidsvilkår: Turnus

Kontaktinformasjon

Reidun Elisabeth Sandnes, Avdelingsleiar, +47 95139364
Liv Bente Grothaug, Seksjonsleiar Hamna, 48061154, livliv.bente.grothaug@volda.kommune.no

Arbeidsstad

Hamnegata 20
6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune

Referansenr.: 4876791121
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Volda kommune, Bu- og habiliteringsteneste orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med i underkant av 11.000 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.

I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kultuliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.

Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.

Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!

Webside http://www.volda.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Vernepleier
Sted VOLDA (Adresse: Hamnegata 20 Postnr: 6100)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 12-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/7482f642-92d8-4286-ac56-b97a841b52c6
IMPORTAPI