Job Description

Published 07-01-2025
Deadline: 01-05-2025

 

Velkomen som ferievikar innan Helse og Meistring i Vågå kommune sommaren 2025!

Vi har fleire spennande moglegheiter for deg som ønskjer å arbeide innanfor Helse og Meistring i Vågå Kommune i sommar!  

Arbeidsperiode:  23.06.2025- 17.08.2025

Trivst du med å arbeide med folk og blir motivert av å gjeva andre ein betre kvardag så bør du søkje på ferievikariat hjå oss! Det blir utbetalt eit ekstra honorar til dei som fullførar ferievikariat eller sommararbeid.

Tilsetjing skjer fortløpande!

Litt om dei ulike arbeidsplassane og arbeidsoppgåvene:

Vågåheimen:
Vågåheimen er i dag Vågå Kommunes største arbeidsplass med omkring 70 tilsette. Daglege oppgåver kan være innan pleie, vaskeri, kjøkken og anna dagaktivitet. Turnus. Vi søkjer etter deg som er omsorgsfull, ansvarsbevist og liker å jobbe innanfor eldreomsorga.

Spørsmål kan rettast til tenesteleiar Hanne Stokke Moen tlf. 948 65 287 eller e-post: hanne.stokke.moen@vaga.kommune.no

Miljøterapitenesta:
I Miljøterapitenesta arbeider vi for menneske over og under 18 år med psykisk utviklingshemming og psykiske lidingar. Vi arbeider med målretta miljøarbeid for at kvar enkelt brukar skal oppleve meistring i daglege gjeremål og aktivitetar. Konkrete oppgåver er miljøarbeid, praktisk bistand, aktivisering og rettleiing. Turnus.

Spørsmål kan rettast til tenesteleiar Ina H. Rindhølen tlf. 45 31 26 70, eller e-post: ina.haugen.rindholen@vaga.kommune.no

Heimetenesta:
Heimetenesta møter brukarane der dei bur og som treng bistand i heimen i kvardagen. Oppgåver kan være heimesjukepleie og praktisk bistand/personleg assistanse. Dagtilbod for demente 5 dagar i veka. Turnus.

Hjelpemiddelkontakt/sjåfør 100% vikariat:
Vi treng ein hjelpemiddelkontakt/sjåfør som hjelper til med utkøyring, henting, reparasjon og liknande. Vikaren er sjåfør for dagbrukarane og har også ansvar for velferdsteknologi som blant anna trygghetsalarm. Dagarbeid. Tenesta er organisert under heimetenesta.

Spørsmål kan rettast til tenesteleiar Hanne Stokke Moen tlf. 948 65 287 eller e-post: hanne.stokke.moen@vaga.kommune.no

Generelt om sommararbeid for ungdom:
Miljøarbeid på Vågåheimen, i Heimetenesta eller i Miljøterapitenesta. Søkjar må fylle 16 år i 2025.

Venlegast spesifiser i søknaden kvar du ynskjer å arbeide.

For stillingane søkjer vi deg som:

  • har fylt 18 år ved oppstart, eventuelt fyllar 16 år i 2025 ved ferievikariat/sommararbeid på Vågåheimen, Miljøterapitenesta og Heimetenesta.

  • vil arbeide med folk og å gje andre ein betre kvardag.

  • er fleksibel, ansvarsbevisst, kan samarbeide med andre og har godt humør

  • fortrinnsvis kan arbeide i heile perioden 23.06.2025- 17.08.2025. (Ønskje om eventuelle fridagar må gjerast kjent i søknaden.)

  • kommuniserer tydleg på norsk, munnleg og skriftleg (minimum tilsvarande nivå B1)

  • har plettfritt vandel for arbeid innan helseområdet, og kan levere uttømmande politiattest før oppstart.

Personlege eigenskapar blir vektlagt.

Krav til spesifikke stillingar:

Førarkort klasse B og bil til disposisjon for ferievikarstillingar innan Heimetenesta, Miljøterapitenesta og som hjelpemiddelkontakt.

Vi kan tilby:

  • Ekstra honorar etter fullført ferievikariat/sommararbeid

  • Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer

  • God opplæring og varierte arbeidsoppgåver

  • Spennande arbeidsplass i utvikling

Bur du ikkje i Nord-Gudbrandsdalen og treng ein plass å bu i samband med ferievikariat? Sei ifrå til oss så sett vi deg i kontakt med moglege overnattingsmoglegheiter.

Klar for å søkje?

Søknad skal sendast på elektroniske søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som vedlegg til elektronisk skjema eller som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.

  • Søknadsfrist: 01.05.2025 – Tilsetjing skjer fortløpande!

Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.

Vågå kommune ligg i Nord- Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå kommune har ca. 3.550 innbyggjarar, eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vågå Kommune Helse Og Omsorgssektoren orgnr: 975304442
Kort om arbeidsgiver

Vågå kommune ligg i Nord- Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå kommune har ca. 3.550 innbyggjarar, eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv.

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Andre helseyrker
Sted (Adresse: Postnr: )
Stillingstype Sesong Heltid Antall stillinger: 20
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 23-06-2025
Søknadsfrist 01-05-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/6a3fc632-1cae-4bb2-9d20-5e9f2893e328
Stillingsregistrering