Job Description

Published 07-01-2025
Deadline: 23-01-2025

 

Vektar – tilkallingsvikar

Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og -produkt til føretaket. Hospitaldrift leverer forsyningstenester og varemottak, pasienttransport og andre interne transporttenester, mat til pasientar, pårørande og tilsette, reine tekstilar og senger, dagleg reinhald og andre reinhaldstenester, tryggleikstenester og sentralbordtenester.

Hospitaldrift har 8 einingar og ca. 790 medarbeidarar. Hospitaldrift Sikkerheit er ei av einingane i Hospitaldrift og har 3 seksjonar; seksjon for sikkerheit, seksjon for resepsjon og seksjon for parkering. Eininga har totalt 33 stillingar, og er offentleg godkjend for å drive vaktverksemd.

Vi søker etter vektar som tilkallingsvikar. Aktuelle kandidatar vil bli tilsett via Bemanningssenteret, men vil gå vakter ved Hospitaldrift, seksjon for sikkerheit.

Vi ser etter deg som har vektarutdanning og gjerne erfaring innan fagområdet. Du trivst med utfordringar, er fleksibel, fagleg dyktig samt likar å arbeide i eit travelt miljø med mykje ansvar. 

Arbeidsoppgåver

  • Rutinekontrollar av sjukehuset sine bygg og eigedommar
  • Utrykkingsteneste på ulike alarmar som innbrot, brann, teknisk og utagerande pasientar
  • Fastvakt på utagerande pasientar
  • Resepsjonsteneste
  • HLO tjeneste

Kvalifikasjonar

  • Søkar må ha førarkort kl B
  • God vandel (det vil bli krav om uttømmande politiattest før tilsetting)
  • Fagbrev i sikkerheitsfaget eller godkjend vektarkurs
  • Teknisk innsikt og grunnleggande datakunnskapar
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg
  • Erfaring frå vektaryrket er ein fordel
  • Må kunne klareres til utvida adgangsklarering

Personlege eigenskapar

  • Du er ærleg og lojal
  • Du er serviceinnstilt
  • Du har gode samarbeidsevner og kan jobbe i team
  • Du har evne til å jobbe sjølvstendig
  • Du har høg grad av ansvarsfølelse og personleg initativ
  • Du har evne til å jobbe strukturert og effektivt i eit til tider hektisk miljø
  • Du har evne til å halde hovudet kaldt og opptre roleg og beherska i utfordrande situasjonar
  • Du er i god fysisk form då arbeidet til tider kan vere fysisk krevande

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande jobb i eit godt fagleg miljø med hyggelege kollegaer
  • God opplæring
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Cathrine Fauske Haferkamp, Seksjonsleiar, cathrine.fauske-haferkamp@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4903735588
Stillingsprosent: 0%
Anna
Søknadsfrist: 23.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bemanningssenteret, Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Sikkerhet og beredskap
Yrke Vakt-, sikrings- og kontrollarbeid
Sted BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5021)
Stillingstype Annet Deltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 23-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/0bd4c14d-d958-43de-938a-7af55817c1ff
IMPORTAPI