Job Description
Published 12-03-2025
Deadline: 27-03-2025
UX-Designer
Om stillingen
Våre tenester er stadig meir etterspurde og vi skal derfor styrke utviklingsseksjonen med en midlertidig UX-ressurs (førstekonsulent/rådgiver). Du vil få oppgåver i samarbeid med fagmiljø både i og utanfor Digitaliseringsdirektoratet (Digdir).
Du vil jobbe med å modernisere front-end applikasjonar med teknologiar som React.
Det er etablert et nytt designsystem i Digdir som du vil vere med å utvikle/nytte deg av i tilegg til at vi har en profilveileder som er retningsgivende for arbeidet.
Stillinga er en prosjektstilling i 60 % med arbeidsstad Leikanger.
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- Bachelorutdanning, innan Brukerreiser / UX/UI.
- Kunnskap om designsystem og korleis desse fungerer
- kunnskap om designverktøy. Aller helst Figma
- kunnskap om og erfaring med Universell Utforming og WCAG-krav
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
Du bør ha:
- Kjennskap til offentleg forvalting
- Erfaring med Storybook
- Erfaring med verktøy/støttesystemer for brukertesting
Personlige eigenskapar vi legg vekt på er at du
- kan jobbe sjølvstendig og i team
- har stor arbeidskapasitet og god gjennomføringsevne
- er engasjert, strukturert, analytisk og løysingsorientert
-
likar å presentere brukargrensnitt og løysingar for andre enn teknologar
Vi legg stor vekt på at søkaren skal vere personleg eigna til stillinga
Vi tilbyr deg:
- Lønn som førstekonsulent/rådgiver i lønnsspennet 498 000 – 748 000 etter kvalifikasjoner
- Medlemskap i Statens pensjonskasse som er en av landets beste pensjonsordninger med gunstig boliglån og gode forsikringsordninger
- Familievennlig og fleksibel personalpolitikk med gode arbeidstidsordninger
- Treningsrom og mulighet for trening i arbeidstiden
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Vi har tru på at mangfald er ein viktig byggestein i eit godt, spennande og utviklande arbeidsmiljø, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Rett kompetanse på rett stad er vår viktigaste prioritering når vi rekrutterer, og vi vil legge til rette for at personar med nedsett funksjonsevne også kan jobbe hos oss. Vi jobbar med å realisere regjeringas mål om at fem prosent av alle nytilsettingar skal vere personar med funksjonsnedsetting og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Dersom du oppgir opplysningar om funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CVen i søknaden, kan dette bli brukt anonymisert til statistikkformål.
Vil du vite meir?
Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kontakt gjerne
Seksjonssjef Jørn Stenehjem
E-post: jorn.stenehjem@difi.no
Telefon: 91 14 62 79
Vitnemål og attestar må følge søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søker stillinga. Har du teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetting av papir og vitnemål, og godkjenning frå NOKUT.
Søkarlister kan bli offentleggjort iht. offentleglova § 25. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette begrunnast. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkerlista. Du vil i så fall bli varsla.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Digitaliseringsdirektoratet orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Digdir er underlagt Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Direktoratet har om lag 400 tilsette fordelt på våre kontor i Brønnøysund, Leikanger og Oslo. Vi har fire fagavdelingar, to stabs- og støtteavdelingar og eit tilsyn for universell utforming av ikt, som har ei særskilt uavhengig rolle. Våre verdiar er påliteleg, inkluderande og uredd. Digdir er regjeringas fremste verktøy for ei raskare og meir samordna digitalisering av offentleg sektor.Direktoratet skal bidra til enklare og meir tilgjengelege offentlege tenester for innbyggarane og auka verdiskaping for næringslivet. Visjonen vår er saman for ein enklare digital kvardag. Les meir om Digdir på våre nettsider Digdir.no. |
Webside | https://www.digdir.no/ |
Bransje | IT |
Yrke | Interaksjonsdesign |
Sted | LEIKANGER (Adresse: Skrivarvegen 2 Postnr: 6863) |
Stillingstype | Prosjekt Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 27-03-2025 |