Job Description
Published 20-03-2025
Deadline: 04-04-2025
Ungdomsrettleiar
Nav region Midthordland har som mål å gi eit godt tenestetilbod med utgangspunkt i behovet til brukarane, og i samsvar med føringane og rammene frå lovverket. Vi har no ei ledig stilling som ungdomsrettleiar og søkjer deg som vil vere med på å gjera ein forskjell for denne målgruppa. Er du motivert for å bidra til at fleire ungdommar vert inkludert i arbeidsmarknaden? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Som ungdomsrettleiar vil du tilhøyre ungdomsteamet vårt, og vere ein del av avdeling arbeid og ungdom ved Nav Bjørnafjorden. Her vil du bidra til at kontoret leverer gode tenester til ungdom opp til 30 år. Unge er ei høgt prioritert målgruppe i Nav. Ungdomsgarantien skal sikre god og tett oppfølging av unge mellom 16 og 30 år som trenger det. Målet er å hjelpe flere unge til å fullføre utdanning og komme i arbeid.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsretta oppfølging av brukarar opp til 30 år
- Kartlegge brukar sine ressurser og oppfølgingsbehov, og motivere for arbeid
- Sjølvstendig ansvar og oppfølging av eigen portefølje
- Samarbeid med arbeidsgivarar og andre partar som er viktige for bruker sitt mål om arbeid
- Nettverksbygging og samarbeid med viktige instansar rundt ungdommane
Kvalifikasjonar
- 3-årig høgare utdanning frå høgskule eller universitet. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning.
- God digital kompetanse og evne til å sette deg inn i nye dataverktøy
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Det er ein fordel om du har
- Førerkort klasse B
- Erfaring frå å jobbe med ungdom
- Erfaring frå rettleiing og å jobbe med menneske
Vi ser etter deg som
- Jobbar strukturert og målretta
- Er fleksibel og omstillingsdyktig
- Er ein god lagspelar
- Klarar å jobbe effektivt i eit hektisk miljø med krav til fristar og resultat
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull og utfordrande jobb innanfor eit viktig samfunnsområde
- Engasjerte kollegaer i eit inkluderande arbeidsmiljø
- Velferdsgode som fleksibel arbeidstid og moglegheit for trening i arbeidstida
- God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
- Tilsetjing på statlege vilkår i stillingskode 1434 rådgjevar, med lønsspenn frå kr 570 000 – 605 000. For særleg kvalifiserte søkarar kan noko høgare løn vurderast.
Kontaktinformasjon
Anita Nielsen, Avdelingsleiar, 958 49 313, Anita.Nielsen@nav.no
Line Solheim, Regionleiar, 458 12 959, line.naterstad.solheim@nav.no
Arbeidssted
Holtbrekka 7
5200 Os
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NAV
Referansenr.: 4941327246
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.04.2025
DIVERSE INFO