Ungdomsprest 100% – Øygarden kyrkjelege fellesråd
(5 days ago)
Job Description
Published 26-03-2025
Deadline: 04-05-2025
Ungdomsprest 100%
Øygarden kyrkjelege fellesråd søkjer etter ungdomsprest 100%
Vil du vere med å forme framtida for ungdomsarbeidet vårt?
Brenn du for å leie og inspirere ungdom i trua? Ønskjer du å skape eit levande og inkluderande fellesskap der ungdom kan vekse, utvikle seg og finne sin plass i kyrkja? Vi søkjer etter ein engasjert ungdomsprest som kan ta åndeleg og strategisk leiaransvar for ungdomsarbeidet vårt.
Gjennom undervisning, fellesskap, relasjonsbyggjing og oppfølging vil du vere med å utruste ungdom og medarbeidarar.
Som ungdomsprest blir du ein del av det tverrfaglege teamet i Foldnes sokn, med hovudbase i Foldnes kyrkje. Her får du vere med på eit mangfaldig og aktivt kyrkjelydsarbeid som når ut til alle aldersgrupper. Foldnes sokn har 8613 medlemmer, der 1660 er under 18 år. Vi jobbar etter visjonen: Di kyrkje for alle dagar.
Du vil samarbeide tett med eit dyktig sokneteam sett saman av sokneprest, diakonimedarbeidar, kyrkjetenar, kyrkjelydspedagog, ungdomsarbeidar og organist. I ein del av stillinga vil du leie arbeidet med å utvikle og styrke ungdomsarbeidet i eit etablert samarbeid med kyrkjelydane Fjell, Foldnes og Landro. I tillegg blir du ein del av «Seksjon for barn og unge» – eit fellesskap av 15 engasjerte medarbeidarar frå heile fellesrådet. Vi møtast jamleg for fagleg påfyll, erfaringsdeling, lagbygging og inspirasjon.
Er du klar for å vere med på å skape eit engasjerande og trygt fellesskap der ungdom kan oppdage og leve ut si kristne tru? Då vil vi gjerne ha deg med på laget!
Arbeidsoppgåver
- Åndeleg leiing av ungdomsarbeidet
- Strategisk leiing og visjonsarbeid
- Involvering av ungdom i gudstenesta
- Ansvar for konfirmantundervisning saman med sokneprest, ungdomsarbeidar og pedagog
- Gudstenestearbeid
- Leiarutvikling for ungdom
- Leirar
- Etablere og organisere bibelgrupper eller andre grupper/tiltak for tweens og ungdom
- Oppfølging av medarbeidarar knytt til ungdomsarbeidet (tilsette og frivillige)
- Planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak og arrangement
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer ein kandidat som er ordinert prest eller kan ordinerast til presteteneste i Den norske kyrkja
- Erfaring frå arbeid blant unge er ønskjeleg
- Gode kommunikasjons- og formidlingsevner på norsk, munnleg og skriftleg
- Søkar må vere medlem av Den norske kyrkja
- Søkar må ha førarkort klasse B og disponere eigen bil
- Den som vert tilsett, må leggje fram tilfredsstillande politiattest i tråd med Trossamfunnsloven § 20)
- Øygarden kyrkjelege fellesråd ønskjer mangfald med omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming, kulturell bakgrunn og/eller hol i CV-en, og oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søke stillinga.
Personlege eigenskapar
- Støttande og visjonær
- Gode relasjons- og samarbeidsevner
- Strukturert, sjølvstendig
- Evne til langsiktig tenking
- Initiativrik og ansvarleg
Vi tilbyr
- Fleksibel arbeidstid
- Spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit stort og kreativt arbeidsfellesskap
- Løn og arbeidstilhøve følgjer tariffavtalar og avtaleverk for kyrkjeleg sektor.
- Pensjonsmedlemskap i KLP
Anna
- Vi legg vekt på søkarar sine personlege eigenskapar, og at kompetanse og eigenskapar hos dei tilsette i teamet utfyller kvarandre.
- Noko kvelds- og helgearbeid må påreknast.
- Administrasjonsspråket i Øygarden kyrkjelege fellesråd er nynorsk.
Kontaktinformasjon
Rannveig Vestbøstad Vik, Seksjonsleiar barn og unge, 41507011
Mathilde Karin Dale, Personalleiar, 90272703
Arbeidsstad
Tytebærbrekko 2
5353 Straume
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øygarden kyrkjelege fellesråd
Referansenr.: 4945522029
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.05.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Øygarden kyrkjelege fellesråd orgnr: 977012147 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Nær Gud, nær menneske.
Slik lyder Øygarden kyrkjelege fellesråd sin visjon. I alt vårt arbeid og i alle våre møte med menneske skal vi både kvile i, og strekkje oss etter denne visjonen.
Takknemlegheit, og det å vere tenande og frimodige i arbeidet er sentrale verdiar hos oss. Vi ønskjer medarbeidarar som vågar å reflektere over om praksisen vår samsvarar med dei verdiane vi forkynner og ønskjer å etterleve.
Fellesrådet er stort, vi har om lag 40 000 innbyggarar og 28 500 medlemer.» Kommunesenteret ligg 15 min køyring frå Bergen sentrum.
Vi er om lag 50 kyrkelege tilsette. Les meir om oss på www.kyrkja.no/oygarden, ta ein telefon eller kom gjerne innom oss i kontora våre på Straume»
|
Webside | http://kyrkja.no/oygarden |
Bransje | Kultur og kreative yrker |
Yrke | Religiøst arbeid |
Sted | STRAUME (Adresse: Tytebærbrekko 2 Postnr: 5353) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Privat |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 04-05-2025 |