Job Description

Published 04-02-2025
Deadline: Snarest

Ungdomsarbeidar 30% i kristent arbeid på Lye Forsamlingshus

Likar du å jobba med ungdom? Ønsker du å gje dei eit møte med Jesus og ein plass i fellesskapet?

På ungdomsarbeidet vårt, Varden, kjem det mellom 20 og 70 ungdommar annankvar fredag på Lye forsamlingshus. Time sokneråd søker etter ny ungdomsarbeidar som kan leie dette arbeidet vidare.

Hva vi ser etter

Kvalifikasjonar:

Ønskjeleg med

· Utdanning innan barne- og ungdomsarbeid. Annan utdanning eller erfaring kan kompensera for manglande utdanning.

· Utdanning innan eller god kjennskap til kristen tru

· Erfaring frå kristent barne- og ungdomsarbeid

Personlege eigenskapar

· Kreativ og nytenkande

· Engasjert og initiativrik

· Fleksibel og løysingsorientert

· Strukturert med evne til å planlegga langsiktig

· Gode kommunikasjons- og formidlingsevner i møte med ungdom

· Evne til å jobba sjølvstendig og til å samarbeida med stab og frivillige

· Kontaktskapande

Arbeidsoppgaver

  • Å leia Varden ungdomsarbeid annankvar fredag, og gjennom å:

  • vera med og skapa eit godt miljø for ungdom på Lye forsamlingshus, der ungdommar kan veksa i tru og finna si teneste.

  • legga til rette for undervisning, lovsong, bøn og aktivitetar for dei unge

  • rekruttera, utrusta og vegleia frivillige medarbeidarar

  • gje ungdommane ansvar og leiartrening

  • Å delta som ein av fleire leiarar i konfirmantarbeidet. Ungdomsarbeidaren har ikkje hovudansvar.

  • Samarbeida med andre ungdomsarbeidarar i kyrkjene i Time kommune der det er naturleg.

Endeleg stillingbeskriving og arbeidsplan blir utarbeidd i samarbeid med den som vert tilsett.

Arbeidet er i stor grad lagt til ettermiddagar, kveld og helg. Det vil vera mest arbeid annakvar veke.

Vi tilbyr

· Ei interessant og utfordrande stilling

· Godt arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente kollegaer

· Løn etter avtaleverket på kyrkjeleg sektor

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Time Sokn orgnr: 977010306
Kort om arbeidsgiver

Time sokn ligg i Time kommune, og i soknet vårt er det to gudstenestefellesskap. Arbeidet til ungdomsarbeidaren vil foregå på Lye forsamlingshus. Lye ligg sju kilometer frå Bryne sentrum og har om lag 2350 innbyggarar.

Time sokn er ein del av Time kyrkjelege fellesråd, og det er tett samarbeid mellom Undheim og Bryne sokn. Dei tre sokna delar kontor. Det er tilsett ein som skal ha eit overordna ansvar for ungdomsarbeidet i dei tre sokna.

Søknader vil bli vurdert frå og med 1. mars 2024.

Webside https://www.lyeforsamlingshus.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Rådgivere innen sosiale fagfelt
Sted (Adresse: Postnr: )
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist Snarest


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/6c30b372-08f4-4343-bc82-b46c25a826af
Stillingsregistrering

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31