Ung i Helse- sommarjobb for deg som er 16-17år – Sveio kommune
Health and social care LPN (nurse)(3 days ago)
Job Description
Published 13-03-2025
Deadline: 31-03-2025
Ung i Helse- sommarjobb for deg som er 16-17år
Om stillinga
Sveio omsorgssenter har 3 avdelingar, kjøkkendrift og reinhald/vaskeri. Våre tilsette skal avvikle sommarferie, derfor ynskjer me deg for å bidra til å gi gode tenester gjennom sommaren!
Ung i helse vil ha arbeidsperiode frå 23. juni til 10. august og du må kunne arbeide i minimum 4 veker i denne perioden. Arbeidstid vil vere frå kl 8.00 til kl 13.00, og vakter vil vere både i vekedagar og i helg.
Det vil ikkje vere stell av pasientar, men oppgåver knytt til måltid, sosiale situasjonar, ulike aktivitetar med pasientane og anna førefallande arbeid.
Me godtek kun elektroniske søknadar. Du får meir informasjon om stillingane som ferievikar om du tar kontakt med leiar.
Kvalifikasjonar
- Helsefagleg bakgrunn er ein fordel for stillingar innan omsorg, td at du går på helsefagleg linje på vidaregåande
- Andre med interesse for området kan også søkja
- Vere fylt 16 år
- Helgestilling med annan kvar helg
- Norsk er arbeidsspråk i Sveio kommune. Du snakkar, leser og skriver så godt at du både kan samarbeida med andre og utføra arbeidsoppgåvene dine sjølvstendig
- Det er krav om tilfredsstillande politiattest for personell som blir tilsett i helse- og omsorgsteneste (arbeidsgjevar hjelper med dette)
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
- Evne til å jobbe sjølvstendig
- Lojal, punktleg og pliktoppfyllande
- Fokus på kvalitet i tenesta
- Fleksibel og løysningsorientert
Vi tilbyr
- Arbeidserfaring
- Løn etter avtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Sveio kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden. Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland. Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar. |
Webside | https://www.sveio.kommune.no/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Helsefagarbeider |
Sted | SVEIO (Adresse: Sveiogata 70 Postnr: 5550) |
Stillingstype | Engasjement Deltid Antall stillinger: 5 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 31-03-2025 |