Undervisningstillingar Haus skule, 3 vikariat – Osterøy kommune

Education Primary School

(18 hours ago)

  • LONEVÅG
  •  Post Date: 14. October 2024
  •  Expire date: 3. November 2024
Job Description

Published 14-10-2024
Deadline: 03-11-2024

 

Undervisningstillingar Haus skule, 3 vikariat

Om stillingane

  • Då tre av våre dyktige lærarar skal ut i ulike permisjonar søkjer vi deg som har ønskje om å ta på deg desse viktige oppdraga for våre flotte elevar. Haus skule har ledig 3 ulike lærarlærarvikariat for ulike tidsrom:
  • Lærarvikariat: 60% stilling, faglærar, 01.01.25- 31.07.25
  • Lærarvikariat: 80% stilling, kontaktlærar, 01.01.25- 31.07.25
  • Lærarvikariat:100% stilling, faglærar, 01.03.25- 31.12.25
  • Når det gjeld 60% og 80% vikariatet treng vi lærarar som har undervisningskompetanse og erfaringskompetanse inn mot dei lavare klassetrinna. Det er ein fordel å ha norsk eller matematikk eller begge fagkombinasjoner. Når det gjeld det eine 100% vikariatet treng vi ein faglærar som har sin hovudkompetanse på mellomtrinnet 5-7. Det er eit ønskje at du har undervisningskompetanse i faga norsk og mat og helse, men andre fagkombinasjonar kan også vere relevant. 

Arbeidsoppgåver 

  • 1. lærarvikariat: 60% stilling 01.01.25- 31.07.25: Faglærar. Her vil det det vere undervisning på 4. trinn, samt noko individuelt tilrettelagt opplæring, tre dagar for veka.
  • 2. lærarvikariat 80%stilling 01.01.25- 31.07.25: Her vil det vere kontaktlæraransvar og undervisning inn mot eit av dei lågare trinna, fire dagar for veka.
  • 3. lærarvikariat: 100% stilling 01.03.25- 31.12.25: Faglærar mest på 6. og 7. trinn og noko individuelt tilrettelagd opplæring.
  • Når du søkjer får du fram i søknaden kva vikariat du søkjer, eventuelt i prioritert rekkjefølgje om du søkjer fleire.

Vi tilbyr 

  • Ein nydeleg arbeidsplass i Haus, med naturen rett utanfor døra og som vi nyttar aktivt inn i undervisninga.
  • Eit inkluderande arbeidsmiljø og engasjerte vaksne som bidreg aktivt i utviklingsarbeidet.
  • Eit godt samarbeid på tvers av klassar, i team, med SFO, i miljøarbeid og ei leiing som er “tett på” klassar, dei tilsette og elevar.
  • Vi har også eit godt samarbeid med lokalmiljøet og har kjekke arrangement, turar og temadager gjennom skuleåret.
  • Du møter kvar dag våre flotte, aktive elevar og blir ein del av eit positivt, humørfylt team.
  • Lønn etter gjeldande avtalar og gode pensjonsordningar.

Kvalifikasjonskrav 

  • Godkjent lærarutdanning.
  • Dersom du er på veg i eit utdanningsløp og har erfaringskompetanse, kan du også bli aktuell, om vi ikkje får nok kvalifiserte søkjarar.
  • Det er krav om politiattest.

Kven er du?

  • Vi ser etter deg som likar å arbeide med barn og har evne og vilje til å skape gode relasjonar med elevar, føresette og tilsette.
  • Vi ser etter deg som ønskjer å bidra til å skape eit godt samarbeid og er aktiv i vårt utviklingsarbeid til beste for våre elevar.
  • Du er ein person som legg vekt på å ha god struktur og set grenser på ein god måte.
  • Du skaper engasjement, lyttar til elevane, tek deira innspel på alvor og utviklar di undervisning i samarbeid med dei.
  • Du har godt humør og er reflektert omkring di rolle som lærar.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Osterøy kommune orgnr: 975319008
Kort om arbeidsgiver

Haus skule er ein kommunal 1-7 skule som ligg i den flotte Haus-bygda. Skulen har dette skuleåret 113 elevar og 20 tilsette. Haus skule sine grunnleggjande verdiar er Tryggleik, samarbeid og engasjement. Vi legg vekt på å skape gode relasjonar mellom elevar og elev-vaksen.

Då vi er ein liten skule er det viktig for oss å arbeide på tvers av trinn, på team, og nokre gongar tverrfagleg heile skulen i lag. Slik ønskjer vi å lære av kvarandre, at elevar blir trygg på tvers av alder og utvikle eit inkluderande læringsmiljø.

Våre satsingsområder i tråd med Osterøyskulen er trygt og godt skulemiljø, elevmedverknad og lesing. Å få til eit godt samarbeid med føresette, FAU, SFO og å utvikle “laget rundt barnet”, er noko vi verdset høgt i vårt kvalitetsutviklingsarbeid.

Webside https://www.osteroy.kommune.no/
Bransje Utdanning
Yrke Grunnskole
Sted LONEVÅG (Adresse: Geitaryggen 8 Postnr: 5282)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 3
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 03-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/91a11b76-eca9-4306-a31f-5f0f6d5e640c
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/269348