Undervisningsstillingar ved Askvoll skule – Askvoll kommune Askvoll skule

Education Primary School

(12 måneder ago)

  • ASKVOLL
  •  Post Date: 10. December 2023
  •  Expire date: 20. December 2024
Job Description

Published 10-12-2023
Deadline: 20-12-2024

 

Undervisningsstillingar ved Askvoll skule

Askvoll skule er ein 1-10 skule med om lag 215 elevar i grunnskulen, og har for tida også om lag 70 elevar i vaksenopplæringa, fordelt på grunnskule for vaksne og norskopplæring. Skulen har per i dag 56 tilsette, og ligg i kommunesenteret i Askvoll kommune. 

Vi har frå 02.01.2024 ledig 3 undervisningsstillingar der inntil to av stillingane er faste. Seinare oppstart kan eventuelt avtalast.

 

Arbeidsoppgåver:

To av stillingane utgjer undervisning i norsk for vaksne og/eller særskild norskopplæring for barn i grunnskulealder
Ei stilling omfattar primært arbeid i 1. -4. klasse, i hovudsak med oppfølging av enkeltbarn

Kvalifikasjonar:

Vi ønsker lærarar med allsidig utdanning og erfaring frå opplæring av barn og/eller vaksne.  Det er ønskeleg med erfaring og kompetanse innan tilpassa opplæring, spesialundervisning eller andrespråkspedagogikk. Søkjarane må:

  • beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
  • ha god kommunikasjonsevne
  • ha digital kompetanse
  • bidra til teamutvikling
  • vere engasjert og fagleg dyktige

For fast tilsetjing er det krav om at søkjar har godkjend undervisningskompetane, men for mellombels tilsetjing kan også andre utdanningar som er relevante verte vurdert. Personlege eigenskapar vil og bli vektlagt. 

Personlege eigenskapar:

Vi søkjer deg som 

  • kan jobbe sjølvstendig og strukturert
  • er opptatt av barn, unge og vaksne si læring og utvikling
  • kan rettleie elevane til godt læringsutbytte
  • har fokus på klasseleiing
  • opptrer som ein trygg og tydeleg vaksen
  • er løysingsfokusert og utviklingsorientert
  • fleksibel, omgjengeleg og har god samarbeidsevne

 

Vi tilbyr løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ.  Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.  Tilsetjings skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.  Pensjonsmedlemsskap i Statens Pensjonskasse.  Politiattest og tuberkulinattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjing.

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin. 

 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Askvoll kommune Askvoll skule orgnr: 975276430
Kort om arbeidsgiver Askvoll skule er ein 1-10 skule med om lag 200 elevar og i underkant av 40 tilsette, og ligg i kommunesenteret i Askvoll kommune. Skulen har òg ansvar for kommunen sitt vaksenopplæringstilbod, og har f.t. omlag 50 elevar fordellt på vaksenopplæring og grunnskuleopplæring for vaksne. Askvoll skule har vore gjennom ei omfattande fornying av bygningsmassen. Skulen deltek i satsinga “Inkluderande barnehage- og skulemiljø” og har spesielt fokus på læringsmiljøet.
Webside
Bransje Utdanning
Yrke Grunnskole
Sted ASKVOLL (Adresse: Askvollvegen 253 Postnr: 6980)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 3
Sektor Offentlig
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 20-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/41c8f3f4-1608-4ac4-a565-8494d1890150
IMPORTAPI