Job Description

Published 16-12-2024
Deadline: 05-01-2025

 

Undervisningsstillingar elektro 

Slåtthaug videregående skole ligg i naturskjønne omgivnader nær Nesttun sentrum. Det er kort veg til buss- og bybanestopp, og vi har Fana Arena og Slåtthaug kunstisbane rett i nærleiken. Skolen har ca 600 elevar fordelt på utdanningsprogramma BA,EL, HO, TIF og påbygging til generell studiekompetanse. Vi har eit mangfaldig elevmiljø og engasjerte tilsette. Her ser vi på alle utdanningsvegar som likeverdige, og er opptatte av at elevane skal oppleve trygg, aktiv læring i alle klasserom og verkstader. Vi søkjer faglærarar til to heile, faste stillingar innanfor programfag på elektro. 

Arbeidsoppgåver

Undervisning i programfag på vg1 elektro- og datateknologi og vg2 kulde-, varmepumpe- og ventilasjonsteknikk. Det ligg kontaktlærarfunksjon til stillingane.

Kvalifikasjonar

Du har minimum fagbrev og relevant arbeidserfaring innanfor elektro, dataelektronikk, automatisering eller kulde-, varmepumpe- og ventilasjonsteknikk.
Du har gjerne teknisk fagskule eller ingeniørutdanning.
Det er ønskjeleg med undervisningserfaring.
Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse. Dette kan takast som etterutdanning.
Du har god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
Du har god digital kompetanse.

Personlege eigenskapar

Du likar å arbeide med ungdom og er ein god rollemodell.
Du har ei positiv innstilling og skaper gode relasjonar.
Du ser behova til den enkelte elev.
Du er ein god lagspelar, er god til å samarbeide og deler av kunnskapen din.
Du arbeider strukturert og systematisk.

Vi tilbyr

Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk

Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kvalifiseringsstipend for å fullføre pedagogisk utdanning

Tett kollegasamarbeid og god delingskultur

Eit inspirerande og nyskapande profesjonsfellesskap

Kontaktinformasjon

Magnhild Hakestad, rektor                        , 55140412, magnhild.hakestad@vlfk.no
Lasse Steinegger, avdelingsleiar, 55140416, lasse.steinegger@vlfk.no
Wenche Narum, førstekonsulent, 55140410, wenche.narum@vlfk.no

Arbeidsstad

Slåtthaugvegen 134
5222 Nesttun

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4897093661
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.03.2025
Søknadsfrist: 05.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver SLA – SLÅTTHAUG VGS, Vestland fylkeskommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Webside
Bransje Industri og produksjon
Yrke Elektro/elektronikk
Sted NESTTUN (Adresse: Slåtthaugvegen 134 Postnr: 5222)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor
Krav Videregående skole
Tiltredelse 01-03-2025
Søknadsfrist 05-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/b72222ee-3cd9-4e70-8792-0a58ed2f3523
IMPORTAPI