Undervisningsstilling musikk – STO – STORD VGS, Vestland fylkeskommune
Utdanning Grunnskole(2 weeks ago)
Job Description
Published 07-04-2025
Deadline: 25-04-2025
Undervisningsstilling musikk
Stord vgs. er ein framtidsretta og mangfaldig regionskule med breitt fagtilbod. Me tilbyr ei rekkje yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram, opplæring for vaksne, innføringstilbod, og me er i tillegg knutepunktskule for individuelt tilrettelagt opplæring. Stord vidaregåande skule ligg flott plassert midt i sentrum av Leirvik, med eitt skulebygg på Saghaugen og eit heilt nytt og moderne skulebygg på Vabakkjen. Skulen har lange tradisjonar for tett og godt samarbeid med næringslivet og bidreg med dette til å utvikla regionen.
Stord vgs. er skulen som førebur deg for framtida – FRAMTIDA LIGG OPEN
Musikklinja på Stord VGS har ledig ei 50% fast stilling. Me søkjer etter ein gitarist som kan undervisa i praktiske og teoretiske programfag innanfor programområdet.
Arbeidsoppgåver
- Planleggja, gjennomføra og evaluera undervisning
- Samarbeid med andre på skulen
Kvalifikasjonar
- Godkjent undervisningskompetanse i dei aktuelle fagområda
- Godkjent pedagogisk utdanning
- Framlagt gyldig politiattest
- Alle nytilsette i Vestland Fylkeskommune får ei prøvetid på 6 månader
Det er ynskeleg med:
- Erfaring fra undervisning i vidaregående skule
- Undervisningskompetanse i el.gitar/el.bass og samspel/band
- Erfaring med lydproduksjon i konsertsal/studio
- Fagleg bredde
Personlege eigenskapar
- Har gode evner til å kommunisera, rettleia og motivera
- Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre
- Er systematisk og nøyaktig
Vi tilbyr
- Lønn og lønnsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønnspolitikk
- Gode pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Engasjert fag- og arbeidsmiljø
- Spennande arbeid i samspel med elevar, føresatte og kollegaer
Kontaktinformasjon
Jan Magne Olsen, Ass.rektor , 99746234
Arbeidsstad
Saghaugen 3
5411 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 4945336427
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 25.04.2025
DIVERSE INFO