Undervisningsstilling – Bryne ungdomsskule, Time kommune

Education Primary School

(1 day ago)

  • BRYNE
  •  Post Date: 2. October 2024
  •  Expire date: 18. October 2024
Job Description

Published 02-10-2024
Deadline: 18-10-2024

 

Undervisningsstilling

Bryne ungdomsskule ligg i Bryne sentrum, i gåavstand frå buss-/togstasjonen. Me har om lag 350 elevar og 55 tilsette. I år har me fem parallellar på 8. trinn og fire på 9. og 10. trinn.
Me er opptekne av at alle elevane og dei tilsette hos oss skal ha eit trygt og godt lærings- og arbeidsmiljø. Visjonen vår er at alle elevane skal ha lyst på livet og evne til å mestra det.

Arbeidsoppgåver

Hovudoppgåvene er undervisning som legg til rette for fagleg og sosial læring for elevane våre. Du må lika å jobba i team både rundt klassar og rundt grupper av elevar.

Kvalifikasjonar

  • Du må ha pedagogisk utdanning med eitt eller fleire av basisfaga engelsk, matematikk eller norsk i fagkretsen. Det er ønskeleg med fleire fag i tillegg
  • Du må vera ein god klasseleiar
  • Du må ha gode norskkunnskaper, munnleg og skriftleg
  • Du må ha digital kompetanse
  • Det er krav om politiattest til alle stillingar i skulen

Personlege eigenskapar

  • Du må vera glad i og lika å vera i lag med ungdom
  • Du må vera oppteken av at alle skal oppleva mestring og framgang både fagleg og sosialt
  • Du må ha stort fokus på inkludering
  • Du må trivast med samarbeid og med utvikling av eigen og andre sin praksis som lærar
  • Du må ha gode samarbeidsvner og kunna bidra positivt i jobbfellesskapet

Vi tilbyr

  • Gode pensjonsordningar 
  • Løn etter tariff/avtale
  • Gode og fagleg dyktige kollegaer og eit arbeidsmiljø som er prega av godt humør, samarbeid og samhald
  • Flotte elevar

Kontaktinformasjon

Elsa Djuve Jerstad, Rektor, +47 48057645

Arbeidsstad

Sveinsvollsvegen 5
4340 Bryne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 4867356716
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bryne ungdomsskule, Time kommune orgnr: 975275671
Kort om arbeidsgiver

“Me skal gjera kvarandre gode” er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Webside http://www.time.kommune.no
Bransje Utdanning
Yrke Grunnskole
Sted BRYNE (Adresse: Sveinsvollsvegen 5 Postnr: 4340)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 18-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/c158716b-de27-4961-a440-6db6b7509489
IMPORTAPI