Job Description

Published 18-12-2024
Deadline: 05-01-2025

 

Undervisningsstilling, årsvikariat i norsk og sosiologi og sosialantropologi

Slåtthaug videregående skole ligg i naturskjønne omgivnader nær Nesttun sentrum. Det er kort veg til buss- og bybanestopp, og vi har Fana Arena og Slåtthaug kunstisbane rett i nærleiken. Skolen har ca 600 elevar fordelt på utdanningsprogramma BA,EL, HO, TIF og påbygging til generell studiekompetanse. Vi har eit mangfaldig elevmiljø og engasjerte tilsette. Her ser vi på alle utdanningsvegar som likeverdige, og er opptatte av at elevane skal oppleve trygg, aktiv læring i alle klasserom og verkstader.  Vi har ledig eit vikariat frå 3. februar og ut skuleåret.

Arbeidsoppgåver

Undervisning i norsk, særskilt språkopplæring og sosiologi og sosialantropologi. 

Kvalifikasjonar

Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse.
Det er ønskjeleg med undervisningserfaring.
Det er ønskjeleg med kompetanse eller erfaring innanfor andrespråkspedagogikk eller særskilt språkopplæring.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne
God digital kompetanse

 

Personlege eigenskapar

Du likar å arbeide med ungdom og er ein god rollemodell.
Du har ei positiv innstilling og skaper gode relasjonar.
Du ser behova til den enkelte elev.
Du er ein god lagspelar, er god til å samarbeide og deler av kunnskapen din.
Du arbeider strukturert og systematisk.

Vi tilbyr

Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Tett kollegasamarbeid og god delingskultur
Eit inspirerande og nyskapande profesjonsfellesskap

Kontaktinformasjon

Magnhild Hakestad, rektor                        , 55140412, magnhild.hakestad@vlfk.no
Ingvill Rabben Dypevik, avdelingsleiar, 55140415, ingvill.rabben.dypevik@vlfk.no
Wenche Narum, førstekonsulent, 55140410, wenche.narum@vlfk.no

Arbeidsstad

Slåtthaugvegen 134
5222 Nesttun

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4898109210
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 03.02.2025
Sluttdato: 20.06.2025
Søknadsfrist: 05.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver SLA – SLÅTTHAUG VGS, Vestland fylkeskommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Webside
Bransje Utdanning
Yrke Videregående skole
Sted NESTTUN (Adresse: Slåtthaugvegen 134 Postnr: 5222)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Videregående skole
Tiltredelse 03-02-2025
Søknadsfrist 05-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/9e3a0ec4-66b0-44a3-8c72-c77c246be80b
IMPORTAPI