Job Description

Published 14-10-2024
Deadline: 03-11-2024

 

Traineevernepleiar. 100% faste stillingar for nyutdanna vernepleiarar

Dette er stillinga for deg som likar utfordringar og som vil bli så god vernepleiar som mogeleg!

Haukeland universitetssjukehus har gleda av å lyse ut nye stillingar til traineeprogrammet for nyutdanna vernepleiarar med oppstart 16. juni 2025.

Du får 100% fast jobb frå første arbeidsdag og sjølve traineeperioden går over to år. Det er eit styrt løp med 3 arbeidsperiodar ved ulike einingar. Hensikta med traineeordninga er å gje deg god breiddekompetanse. Den varierte praksisen gjer deg ein unik kunnskap frå fleire fagfelt, og er eit godt springbrett vidare i vernepleiarkarriera di.

Traineebakgrunnen vil gje deg ei stor kontaktflate i sjukehuset og gjere deg attraktiv for fleire interessante stillingar som vernepleiar når traineeperioden er over. Traineeprogrammet inneheld fellesopplæring ved oppstart, fagdagar og rettleiing i grupper. Ordninga er koordinert av seksjonsleiar for traineevernepleiarane.

Det er òg mogleg å få ein av periodane i Bemanningssenteret, som er sjukehuset sitt eige interne bemanningsbyrå, Les meir om oss  

I løpet av traineeprogrammet er planen at du skal arbeide ved 3 ulike einingar innan desse fagfelta; psykiatri og/eller rus. 

I søknaden må du legge ved karakterutskrift frå vernepleiarutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid.

Ønsker du å vite meir om traineestillingane?   Ta kontakt med Karina Vorland Løvstad. 

Arbeidsoppgåver

  • Du vil inngå i den daglege drifta på avdelinga der du er i traineeperioden

Kvalifikasjonar

  • Du er ferdig utdanna som vernepleiar i løpet av vinteren 2024 eller våren 2025. Du har eller vil få norsk autorisasjon etter endt utdanning
  • Du er fagleg sterk
  • Du meistrar godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Arbeidserfaring som til dømes sommarjobb eller helgestilling i helsesektoren er ein fordel men ikke eit krav

Personlege eigenskapar

Vi legg vekt på at du er eigna for denne type jobb og har personlege eigenskapar som;

  • vilje og evne til å tilpasse deg skiftande krav og omstende
  • lærevillig og fagleg nysgjerrig
  • strukturert og tar ansvar for at oppgåver blir gjort
  • kommuniserer klart og tydeleg og kan tilpasse og formidle informasjon på ein forståeleg måte
  • sjølvstendig – samstundes kan du samarbeide godt med andre
  • møter pasientar og pårørande profesjonelt, empatisk og med respekt

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb
  • Eit fagleg og sosialt fellesskap med dei andre i traineegruppa
  • MAP-kurs
  • 3 dagars fellesopplæring ved oppstart
  • Fagdagar i traineeperioden
  • Rettleiing i grupper
  • Kick-start på karrieren din som vernepleiar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Karina Vorland Løvstad, Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret, 92463092, karina.vorland.lovstad@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4872701451
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Helse Bergen orgnr: 974557746
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Webside www,helse-bergen.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Vernepleier
Sted BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5021)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 10
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 03-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/324ab65b-4fdf-494c-9cfc-9dbe97f44756
IMPORTAPI