Job Description

Published 08-04-2025
Deadline: 10-05-2025

Tradisjonshandsverkar – næming

Vil du utdanne deg til tradisjonshandverkar hos oss i Nordmørsmusea?

Vi søkjer to nye næmingar med arbeidsstad Geitbåtmuseet – Husasnotra, i Heim kommune. Stillingane er 100 % over 3 år, med avsluttande byggeprosjekt og dokumentasjon i samband med dette. Næmingeprosjektet er ei treårig ordning for spesialisering av handverkarar ut over sveinebrev, i hovudsak basert på grunnleggjande kunnskap.

Kva er ein næming?

Ordet stammar frå næm, som i lærenæm, og er sagt om ein person som lett tek til seg ny kunnskap.

Som næming er du i arbeid frå første dag og får opplæring i handlingsboren kunnskap med tid for refleksjon, øving og kursing undervegs i næmingeperioden. Vi vil overføre kunnskapen om korleis vi bygger med hjelp av dei eldste byggesystema. Det vil seie at vi er nøydde til å felle skog og bearbeide material sjølv. Til dette brukar vi ulike handverktøy slik det vart gjort i generasjonane før oss.

For å få godt handlag med verktøya trengs det mange timar med øving, og det er dette vi legg vekt på i næmingetida. Husasnotra er særleg tufta på det nære samarbeidet med Jon B. Godal og arven etter dei tradisjonsberarane han dokumenterte på 80- og 90-talet.

Spisskompetanse

Vi har målsetting om spisskompetanse på kystkulturen – med naust, brygger og båtar, og vi utfører arbeid på freda og verna bygg. I tillegg vil det bli bygd nybygg som eigne definerte læreprosjekt der næmingane får meir og meir sjølvstendig ansvar. I opplæringa fokuserer vi mellom anna på

· overføring av handlingsboren kunnskap

· laft, stavline og andre tradisjonelle reisverk, tekking og kleding

· plukkhogst og behandling av virke på rot

· saging i samarbeid med lokale aktørar

· vassgått og naturtørka virke

Som lærestad samarbeider vi og med andre utdanningsinstitusjonar som NTNU og fagskule.

Krav til deg som søkjar

· Du er mellom 25-35 år, kandidatar i andre aldersgrupper vil bli vurdert.

· Du har sveinebrev i tømrarfaget. Yrkeserfaring, realkompetanse tilsvarande svein i faget vil og bli vurdert.

· Du har grunnleggjande interesse for tradisjonell tømring/bygningsrestaurering.

· Du har lyst og evne til å rettleie og lære bort til andre.

· Du har god samarbeidsevne og kan jobbe godt både ilag med ei gruppe og åleine.

Vi stiller med

– eit unikt læringsopplegg etter anerkjend metode.

– eit kunnskapsrikt og kreativt arbeidsmiljø.

– løn etter tariffavtale.

For meir informasjon, kontakt leiar for Geitbåtmuseet – Husasnotra Lisabeth Syltøy Fiske, tlf. 452 98 110 eller direktør Eigunn Stav Sætre tlf. 976 54 294. Du er og velkomen til å kontakte næming Fredrik Schulstad for å høyre meir om korleis det er å vere næming, tlf. 941 60 808

Oppstart 1. oktober 2025.

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Husasnotra orgnr:
Kort om arbeidsgiver Opplæring i tradisjonshandtverk
Webside
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted VALSØYFJORD (Adresse: Valsøyfjordvegen 1349 Postnr: 6687)
Stillingstype Engasjement Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 10-05-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/66531052-f110-450b-a0c5-02f4abfe73ac
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31