Job Description

Published 30-09-2024
Deadline: 13-10-2024

 

Tospråkleg assistent Marvik skule

Tospråkleg assistent Marvik skule

Det er ledig engasjement som tospråkleg assistent ved Marvik skule frå snarast. Me søkjer etter deg som kan russisk – ukrainsk, og har tilstrekkelege norskkunnskapar. Det er ein fordel om du har tidlegare erfaring med pedagogisk arbeid frå skule eller barnehage.

Om stillinga:

  • Stillingsstorleik: Inntil 45% 
  • Stillingstype: Engasjement fram til 30.06.25
  • Stilling ledig frå: Snarast

Kvalifikasjonar:

  • Russisk – ukrainsk talande tospråkleg assistent
  • Kan setja om norsk til ukrainsk munnleg og skriftleg
  • Kan kommunisere med føresette, elevar og kollegaer på norsk og ukrainsk-russisk
  • Har god digital kompetanse
  • Er sjølvstendig i arbeidet
  • Er løysingsorientert

Personleg eigenskap

Har eit positivt menneskesyn.
Vil gi barn omsorg og trygge relasjonar.
Vil inspirera og motivera kollegane dine.
Du må jobba målretta, og likar å sjå resultat av jobben din.
Har erfaring frå arbeid med barn/unge.
Har tilstrekkeleg norskkunnskapar.

Hos oss i Suldal kommune får du:

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Engasjerte og dyktige kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Bedriftshelseteneste
  • Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
  • Nynorsk som administrasjonsspråk

Andre opplysningar:

  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
  • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
  • Kommunen følg offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste

Slik søkjer du

  • Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
  • Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
  • Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
  • Treng du hjelp, kan du venda deg til kommunen på tlf 52 79 22 00

Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Suldal kommune Marvik skule orgnr:
Kort om arbeidsgiver Velkommen til Skattkammeret Suldal – Rogalands største kommune i areal, og eit levande samfunn rik på naturressursar og kreativ kraft.

Me er stolte av å være ein nyskapande arbeidsgjevar. Me omfamnar LEAN-prinsippa for å skapa makalause tenester, og søkjer alltid etter dedikerte medarbeidarar som ønskjer å bli med på reisa vår.

Om du søkjer ein meiningsfull karriere, samtidig som du ønskjer eit balansert og aktivt kvardagsliv, er Suldal plassen for deg.

Det rike kulturlivet i Suldal gir liv til samfunnet, både i grendene og på vårt aktive kulturhus på Sand. Her ligg også sentralidrettsanlegget med idrettshall, sandhall og Suldal bad.

Hos oss finn du dei høgaste toppane i Rogaland, langstrakte vidder, idylliske grender tett på fjorden og 70 km med merka skiløyper i vintersesongen.

Utforsk våre ledige stillingar og bli ein del av laget vårt.

Velkommen til Suldal kommune – eksotisk, aktiv og trygg!

Webside
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted HEBNES (Adresse: Øygarden 21 Postnr: 4235)
Stillingstype Engasjement Deltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 13-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/100b569a-68f6-4354-b565-e28d6081f153
IMPORTAPI