Tilkallingsvikarar på legekontoret – Øystre Slidre kommune

Health and social care Medical Secretary

(3 weeks ago)

  • HEGGENES
  •  Post Date: 30. October 2024
  •  Expire date: 15. December 2024
Job Description

Published 30-10-2024
Deadline: 15-12-2024

 

Tilkallingsvikarar på legekontoret

Kommunen har eitt legekontor på Heggenes, som ligg midt mellom Beitostølen og Fagernes. Ved legekontoret er det tre spesialistar i allmennpraksis og ein LIS1 lege, samt stabile og dyktige sjukepleiarar og helsesekretærar. 

Vi har behov for tilkallingsvikarar på legekontoret. Vi søkjer deg med helsefagleg utdanning. Det vil vere mogleg å leggje til rette dersom ein jobber turnus ein annan stad.

Vi ser fram til å høyre frå deg! Søkjarar blir kontakta og innkalla til intervju fortløpande. 

Arbeidsoppgåver

  • Telefon/resepsjon, telefonkontakt med pasientar og personleg kontakt i skranke
  • Skadestogo, mottak av skadde pasientar 
  • Laboraroriet, prøvetaking m.m.
  • Evt andre oppgåver etter behov og kompetanse

Kvalifikasjonar

  • Helsefagleg utdanning og autorisasjon, t.d sjukepleiar, bioingeniør, helsesekretær, helsefagarbeidar, ambulansearbeidar 
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå jobb på legekontor

Personlege eigenskapar

  • Kunne jobbe sjøvstendig
  • Ha gode samarbeidsevner
  • Kunne takle stress og arbeidspress i periodar
  • Kunne møte pasientar på ein imøtekomande måte

Vi tilbyr

  • Dyktig og hyggeleg kollegium
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår i KLP

Kontaktinformasjon

Per Bo Svensson, Tenesteleiar helse og tilrettelagte tenester, +47 92666185

Arbeidsstad

Bygdinvegen 2134
2940 Heggenes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune

Referansenr.: 4875386188
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 15.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Øystre Slidre kommune orgnr: 973721046
Kort om arbeidsgiver

Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter. 

Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge.  Velkommen til rein naturglede!

Reiseliv og jordbruk er blant dei største  næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.

Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt  tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu. 

Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.

Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.

Webside http://www.oystre-slidre.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsesekretær
Sted HEGGENES (Adresse: Bygdinvegen 2134 Postnr: 2940)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 15-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/7c46bb70-84cb-4391-a3cf-77f7e5416b44
IMPORTAPI