Tilkallingsvikarar i fellesfag og programfag – Herøy vidaregåande skule, Møre og Romsdal fylkeskommune
Transport og lager Logistikk, lagerarbeid og innkjøp(4 days ago)
Job Description
Published 24-11-2024
Deadline: 13-12-2024
Tilkallingsvikarar i fellesfag og programfag
Dersom du har lærarerfaring, eller kan tenke å prøve deg som lærar inviterer vi deg til å søke på denne utlysinga. Dette gjeld deg som har relevant utdanning innan eitt av dei yrkesfaglege programområda våre, eller utdanning relevant for undervisning i fellesfaga.
Herøy vidaregåande skule er ein tradisjonsrik yrkesfagleg skule som utdannar yrkesutøvarar for regionen og nærmiljøet. Med kompetente og dyktige tilsette arbeider skulen vår for at du som elev skal oppleve å lukkast i utdanninga. Vi er rundt 250 elevar og eit 60-tals tilsette fordelt på seks utdanningsprogram:
Bygg- og anleggsteknikk
Helse- og oppvekstfag
Naturbruk
Restaurant- og matfag
Teknologi- og industrifag
VG3 påbygging til studiekompetanse
Skulen sin storleik gjer at vi har høve til å bli godt kjent med kvarandre i skulekvardagen. Det å kjenne seg trygge på kvarandre gir rom for ein tett relasjon mellom elev og lærar, noko vi veit er avgjerande for at skulen skal vere ein stad der læring skjer.
Arbeidsoppgåver
Vi søker nå personar som skal gi:
Undervisning eller støtte i klasserom, verkstader eller andre læringsarenaer i programfag eller fellesfag som engelsk, norsk, samfunnsfag, naturfag, kroppsøving eller matematikk.
Skulen har jamnleg behov for lærarvikarar innan dei fleste av dei yrkesfaglege programområda våre, i tillegg til også innan fellesfaga engelsk, matematikk, naturfag, norsk og samfunnskunnskap. Dersom du har lærarerfaring, eller kan tenke å prøve deg som lærar inviterer vi deg til å søke på denne utlysinga. Dette gjeld deg som har relevant utdanning innan eitt av dei yrkesfaglege programområda våre, eller utdanning relevant for undervisning i fellesfaga. Registrer deg gjennom å søke på denne stillinga, eller ta kontakt med aktuell avdelingsleiar om du ynskjer meir opplysningar.
Kvalifikasjonar
Vi ser etter personar som er engasjerte og glade i ungdommar. Har ei utdanning og ein bakgrunn som er relevant i høve eitt eller fleire områda/faga skulen tilbyr.
Å ta oppdrag som vikar kan kanskje passe deg som er i deltidsjobb, er deltidsstudent, jobbar turnus eller er i ein livssituasjon der du har høve til meir kortvarige oppdrag. Skulen er også interessert i å kome i kontakt med til dømes pensjonerte lærarar eller andre med relevant bakgrunn, som kan tenke seg å ta oppdrag hos oss.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer etter deg som har eit positivt syn på ungdom, som er ein tydeleg vaksen og ein god rollemodell.
- Du må like å arbeide med ungdom.
- Du har eit stort engasjement for faget ditt.
- Du bidreg til elevane si faglege og sosiale utvikling.
- Du har ein inkluderande veremåte.
- Du er fleksibel og ser moglegheiter.
- Du likar godt å samarbeide.
- Du har gode ferdigheiter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elevar og andre du samarbeider med.
Vi tilbyr
- en utfordrende stilling i et arbeidsmiljø kjennetegnet av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
- veiledning for nytilsatt pedagogisk personale
- god tilgang til faglige nettverk og faglig utvikling
- offentlig pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- lønns- og arbeidsvilkår i henhold til lov- og avtaleverk
Kontaktinformasjon
Lillebø Eivind, Fagleder, 91582775
Dypvik Alf Olger, Fagleder, 95438514
Ulstein Solgunn, Fagleder, 90655849
Taklo Randi Helen Kvalsund, Fagleder, 90789632
Tore Tangen, Rektor, +47 95933931
Arbeidsstad
Lisjebøveien 4
6091 FOSNAVÅG
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 4888304226
Stillingsprosent: 0%
Anna
Søknadsfrist: 13.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Herøy vidaregåande skule, Møre og Romsdal fylkeskommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Om skolen (heroy.vgs.no) | Utdanningstilbod (heroy.vgs.no)
|
Webside | https://heroy.vgs.no/ |
Bransje | Transport og lager |
Yrke | Logistikk, lagerarbeid og innkjøp |
Sted | FOSNAVÅG (Adresse: Lisjebøveien 4 Postnr: 6091) |
Stillingstype | Annet Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 13-12-2024 |