Tilkallingsvikarar i bu- og miljøtenesta – Aurland kommune
Health and social care Miljøarbeidere(3 weeks ago)
Job Description
Published 03-11-2024
Deadline: Unknown
Tilkallingsvikarar i bu- og miljøtenesta
Om stillinga
Bu og miljøtenesta i Aurland søker etter tilkallingsvikarar til alle avdelingane.
Er du ein engasjert og omsorgsfull person som ønskjer å gjere ein forskjell i kvardagen til bebuarane våre?
Me opplever eit aukande behov for vikarar og søker difor etter nye medarbeidarar som ønsker ein fleksibel jobb, og kan ta vakter på kort varsel.
Stillinga kan passe for studentar eller andre som vil fylle kvardagen med ein gjevande jobb.
Me har ulike vaktlengder med arbeid på dag, kveld, natt, døgn, langvakter og helg.
Tenestemottakarane har ulik grad av behov for hjelp i kvardagen. Me jobbar for å legge til rette for at brukaren er delaktig i eige liv, i tillegg til å skape ein meiningsfull kvardag for den enkelte.
Bu og miljøtenesta gir tenester til personar med utviklingshemming, som har ulik grad av kognitive og fysiske funksjonsnedsetjingar. Tenestene er organisert i bufelleskap, avlastning og ulike tiltak for brukarstyrt personleg assistanse (BPA tiltak).
Det er ulik lengd på vaktene, med arbeid på dag, kveld, natt, døgn, langvakter og helg.
Arbeid og ansvarsområde
- støtte bebuar til ein aktiv og sosial kvardag
- hjelpe til med daglege gjeremål
- legge tilrette for ein god og meiningsfull kvardag.
Me tilbyr
- ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
- bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- løn etter etter tariff
- ekstra laurdag og søndagstillegg (+ kr 10 over tariff)
- gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen
- gratis inngang til symjehallen
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
Kvalifikasjonar
- Det er ynskjeleg med erfaring frå arbeid i helse og omsorg, men god opplæring blir gitt om du ikkje har det.
Personlege eigenskapar
Me vil legge vekt på desse personlege eigenskapane:
- imøtekomande, tillitsbyggande og kan skape gode relasjonar
- trygg på deg selv i rollen din, ansvarsfull og tålmodig
- fleksibel, løysningsorientert og taklar stress i periodar
Verdiane våre er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.
Løns- og tilsetjingsvilkår
- tilsetting, løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
- krav om politiattest etter helse- og omsorgstenestlova av nyare dato
Krav til språk
Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg minimum på B2 nivå. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.
Generell informasjon om søknadsprosessen
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.
Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Aurland kommune orgnr: 983788599 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1780 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, musikkskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing. På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.
|
Webside | https://www.aurland.kommune.no/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Miljøarbeidere |
Sted | AURLAND (Adresse: Vangen 1 Postnr: 5745) |
Stillingstype | Vikariat Deltid Antall stillinger: 4 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | Unknown |