Tilkallingsvikarar – Avdeling Tennfjord barnehage, Haram kommune

Health and social care Miljøarbeidere

(13 hours ago)

  • TENNFJORD
  •  Post Date: 31. October 2024
  •  Expire date: 15. November 2024
Job Description

Published 31-10-2024
Deadline: 15-11-2024

 

Tilkallingsvikarar

Tennfjord barnehage ligg i naturskjønne omgjevnadar med kort veg til både skog, fjell og fjøre, som blir nytta gjennom heile året. Barnehagen har 74 barn og 22 tilsette, fordelt på fem basar. Barnehagen har eit godt fagmiljø der tilsette har lang erfaring og stort engasjement. Hos oss er gode heilskaplege tenester i fokus og vi jobber på tvers for å skape gode tenester for innbyggarar og næringsliv. I barnehagen vår spelar vi kvarandre gode og søker deg som er aktiv, leiken og er brennande engasjert i barn og ynskjer å bidra til å gi barn ein god oppvekst.

Tennfjord barnehage treng no fleire tilkallingsvikarar. Vi trenger personar som kan trå til på kort varsel ved sjukdom, ferie og liknande. Dette kan vere for korte eller lengre perioder. Vi søker derfor etter dyktige assistentar og barne-og ungdomsarbeidarar. 

Arbeidsoppgåver

Arbeid med barn i alderen 0-6 år i tråd med barnehagelov og rammeplan for barnehagar, samt kommunen sine retningslinjer.

Herunder:

  • Bidra til at det enkelte barn får medverke, oppleve positiv grensesetting, både enkeltvis og i gruppe
  • Gi omsorg, støtte og vere lyttande i møte med det enkelte barn
  • Medansvar for utvikling av det sosiale miljøet, og lærings- og danningsmiljøet i barnegruppa
  • Bidra i gjennomføring av det pedagogiske arbeidet på avdelinga/basen, innafor dei rammene ein har blitt einige om
  • Følgje opp den rettleiinga ein får
  • Ansvar for å sette seg inn i og følgje barnehagen sine HMS-prosedyrar 

Kvalifikasjonar

Den som vert tilsett vil måtte legge fram tilfredstillande politi – og tuberkulinattest.

  • Søkar må beherske norsk både skriftleg og munnleg. Søkarar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk må avleggje ei norskprøve og ha oppnådd nivå A2 på delprøva i skriftleg framstilling og nivå B1 på delprøvene i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon. Nivå A2 og B1 skal tilsvare nivå i Det felles europeiske rammeverket for språk jf. barnehagelova §18 a
  • Relevant utdanning og/eller erfaring er ønskeleg, men ikkje eit krav
  • Personleg eignaheit blir vektlagt

Personlege eigenskapar

Vi søker deg som:

  • Har eit ønske om å arbeide med barn
  • Har god omsorgsevne og evne til å sjå og lytte til barna sine behov
  • Har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
  • Trives i ein aktiv kvardag
  • Er glad i å vere ute
  • Er positiv, fleksibel og løysingsorientert

Vi tilbyr

  • Givande arbeid i gode fag- og arbeidsmiljø
  • Moglegheit til å bestemme sjølv kor mykje du vil arbeide og når
  • Tilgong til kurs og kompetansehevande tiltak
  • Løn etter tariff
  • Moglegheit til å prøve å jobbe i ulike barnehagar

Kontaktinformasjon

Gro Olsen Jenssen, Styrar, 95199275, gro.olsen.jenssen@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Trolldalssletta 18
6264 Tennfjord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 4876292425
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Startdato: 11.11.2024
Søknadsfrist: 15.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Avdeling Tennfjord barnehage, Haram kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 er Haram frå 1. januar 2024 eigen kommune, med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund

Kommunen har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre.
Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.

Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid.
Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.

Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.

Webside http://www.haram.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Miljøarbeidere
Sted TENNFJORD (Adresse: Trolldalssletta 18 Postnr: 6264)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 2
Sektor
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse 11-11-2024
Søknadsfrist 15-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/6521859e-aefb-45fb-9c4b-76d9934d5a4d
IMPORTAPI