Tilkallingsvikar – Vestnes kommune Tresfjord barnehage

Education Barnehage- og skolefritidsassistenter

(3 måneder ago)

  • TRESFJORD
  •  Post Date: 3. September 2024
  •  Expire date: 31. December 2026
Job Description

Published 03-09-2024
Deadline: 31-12-2026

 

Tilkallingsvikar

Stillingstype
Vi har behov for fleire dyktige tilkallingsvikarar ved Tresfjord barnehage. 

Arbeidsoppgåver
Arbeid i barnehage inneheld oppgåver som:
– medansvar for avdeling og det pedagogiske innhaldet i samarbeid med det øvrige personalet
– medansvar for planlegging, gjennomføring og tilrettelegging av det pedagogiske innhaldet
– medansvar for utviklingsarbeid
– foreldresamarbeid
– vere ein aktiv del av barnehagen sitt personale
– vise omsorg og vere til stades for enkeltbarn og barnegruppa
– praktisk arbeid og tilrettelegging

Kvalifikasjonar
Vi søker etter deg som er barnehagelærar eller barne- og undomsarbeidar. Dersom vi ikkje får nok kvalifiserte søkjarar
kan ufaglærte verte tilsett.
– må beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
– må ha gode kommunikasjonsevne

Personlege eigenskapar
– er aktiv og engasjert
– har godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø i stadig utvikling
– har evne til å vise omsorg, sjå og anerkjenne barn
– er eit godt språkleg førebilete
– er fleksibel
– er stabil og ansvarsbevisst
– har evne til å ta imot rettleiing, rådgjeving og opplæring
– har evne til å samarbeide, arbeide i team, men og sjølvstendig

Vi tilbyr
– godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
– løn i høve gjeldande avtaleverk
– tilsette med fagkompetanse og som har mindre enn 4 års ansiennitet får godkjent 4 års ansiennitet. 
– kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
– gode pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale

Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.

Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.

Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

Referansar
Oppgi referansar

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vestnes kommune Tresfjord barnehage orgnr:
Kort om arbeidsgiver Tresfjord barnehage held til i Tresfjord ca ei mil frå Helland sentrum. Den er godkjent for 42 plassar. Barnehagen deler lokaler med Helland ungdomskule og held til i 1.etasje av det relativt nye skulebygget. Vi har eigen uteleikeplass, men nyttar også den allsidige naturen og idrettsplassen i bygda.

Webside
Bransje Utdanning
Yrke Barnehage- og skolefritidsassistenter
Sted TRESFJORD (Adresse: Skulebakken 1 Postnr: 6391)
Stillingstype Annet Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 31-12-2026


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/decd9327-d870-43bf-944f-5a881027eb65
IMPORTAPI