Job Description

Published 12-11-2024
Deadline: 28-11-2024

 

Tilkallingsvikar som cateringmedarbeidar i sambandet Brekstad-Valset, p.t. MF Austrått

Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!

Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!

Fjord1 har behov for å knytte seg til lokale vikarar i stilling som cateringmedarbeidar i sambandet Brekstad-Valset, p.t. MF Austrått, til kortare og lengre oppdrag etter behov.

 

Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!

Arbeidsoppgåver

  • Delta i førebuing og sal av mat
  • Delta i reinhald av dei områder som høyrer til cateringdrifta
  • Varebestilling/varemottak
  • Andre relevante oppgåver

Kvalifikasjonar

  • Gyldig helseattest
  • Krise- og passasjerhandtering – Fjord1 kan dekke kurskostnader om nødvendig

Personlege eigenskapar

  • Serviceinnstilt
  • Fokus på gode kundeopplevingar
  • Godt humør
  • Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
  • God kommunikasjonsevne

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overeinskomst
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø

Kontaktinformasjon

Lise-Beathe Naas, Bemanningskoordinator, +47 93853263, lise-beathe.naas@fjord1.no

Arbeidsstad

Fv710 90
7130 Brekstad

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS

Referansenr.: 4885144983
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Fjord1 – Maritim Drift, Fjord1 AS orgnr:
Kort om arbeidsgiver Fjord1 si kjerneverksemd er ferjetransport, og er det leiande selskapet i næringa med ferjedrift langs store delar av norskekysten, frå Bodø i nord til Stavanger i sør.

Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.

Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.

Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.

Webside http://www.fjord1.no
Bransje Utdanning
Yrke Grunnskole
Sted AGDENES (Adresse: Fv710 90 Postnr: 7318)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 28-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/983d159f-7348-48ea-beb5-48b483f7c210
IMPORTAPI