Job Description

Published 31-07-2024
Deadline: 08-07-2025

 

Tilkallingsvikar

Me søker tilkallingsvikarar i Balestrand. Me treng fleire vikarar på Balestrand helsetun, i heimetenesta og som heimehjelp. Me søkjer deg som er motivert, fagleg engasjert, sjølvstendig og interessert i å jobbe med menneske. Behovet er frå d.d., og det vil bli tilsett fortløpande. 

 

Arbeidsoppgåver:

  • Heilskapleg pleie og omsorg av heimebuande og til bebuarar på sjukeheim
  • Bidra til aktivitet og omsorg som fremjar livskvalitet
  • Oppfølging av ernæring
  • Ansvar for journalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande ut frå retningslinjer
  • Være medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø
  • Reinhold i brukars heim utifrå vedtak
  • Hjelpe til med andre oppgåver som handling, tilsyn og andre heimesjukepleieoppgåver.

 

Kvalifikasjonar:

  • Assistentar, elevar/studentar innan helsefag
  • Godkjent hjelpepleier/helsefagarbeidar, vernepleiar, sjukepleiar med norsk autorisasjon
  • Erfaring frå eldreomsorg vil verte vektlagt
  • Beherske norsk, skriftleg og munnleg
  • Datakunnskap
  • Må vere over 18 år eller fylle 18 år det året du begynner.
  • For stilling i heimetenesta: førarkort klasse B

 

Personlege eigenskapar:

  • Løysingsfokusert
  • Ha evne og interesse for eldreomsorg
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt.
  • Personlege eigenskaper vil verte vektlagde

Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Godt fagleg miljø
  • Løn etter tariff

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

Kontaktperson for stillingane er :

Marte Gåsland, avdelingsleiar heimetenesta Balestrand, tlf: 91375068,

epost: marte.gasland@sogndal.kommune.no

Eli Sleire Ese, avdelingsleiar Balestrand helsetun, tlf: 90296294, e-post: eli.sleire@sogndal.kommune.no

 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sogndal kommune Balestrand helsetun og heimeteneste orgnr:
Kort om arbeidsgiver Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn.
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.

Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Webside
Bransje Utdanning
Yrke Barnehage- og skolefritidsassistenter
Sted BALESTRAND (Adresse: Postnr: 6899)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 08-07-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/4e51e6c6-0d18-4dd2-94ad-caf624f16b22
IMPORTAPI