Tilkallingsvikar skuleåret 2024/2025 Langevåg skule og SFO – Langevåg skule, Sula kommune
Education Førskolelærer(2 måneder ago)
Job Description
Published 26-09-2024
Deadline: 01-05-2025
Tilkallingsvikar skuleåret 2024/2025 Langevåg skule og SFO
Langevåg skule søker tilkallingsvikarar for skuleåret 24/25. Oppstart snarast.
Skulen har om lag 520 elevar frå 1.-7. trinn og SFO og er samlokalisert med kulturskulen.
Vi har eit flott uteområde og nærleik til flotte naturområde med både fjell, vatn og turstiar.
Sula kommune har lagt til rette for digitalisering av læringsarbeidet og elevane har nettbrett som digitalt verktøy.
Arbeidsoppgåver
Langevåg skule og skulefritidsordning har behov for tilkallingsvikarar for lærarar og assistentar.
Kvalifikasjonar
Det er ønskjeleg med arbeidserfaring frå skule eller SFO, og ein fordel om med pedagogisk utdanning/fagbrev.
Gyldig politiattest må leggast fram.
Personlege eigenskapar
Vi legg vekt på at ein er positiv og fleksibel, kan samarbeide og har evne til å byggje relasjonar til elevane, føresette, kollegaer og leiinga.
Det er ein fordel om ein har erfaring frå bruk av IKT-verkty.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
Skulen nyttar nynorsk som målform.
Vi tilbyr
Løn etter gjeldande avtalar.
Kontaktinformasjon
Ole Martin Tonheim, Rektor
Harald Weibust, Undervisningsinspektør
Arbeidsstad
Bratthaugmyra 39
6030 Langevåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sula kommune
Referansenr.: 4865872139
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 30.09.2024
Sluttdato: 31.07.2025
Søknadsfrist: 01.05.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Langevåg skule, Sula kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Sula kommune er opptatt av å utvikle og forbetre tenestene saman med innbyggerane og næringslivet, slik vi kan vere ei trygg og framtidsretta kommune. Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9700 innbyggjarar, der omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Sula er ein av dei minste og mest folketette kommunane i fylket.
Kommunen praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Det betyr at ein som søkar må grunngje kvifor ein eventuelt ber om unntatt offentlegheit. Grunngjevinga vert vurdert opp mot reglane i Offentlegheitslova. Søkarar som ber om unntatt offenentlegheit vil verte kontakta.
Meir informasjon om Sula kommune her
|
Webside | https://www.sula.kommune.no/tenester/oppvekst-og-utdanning/skule/skular-i-sula-kommune/langevag-skule/ |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Førskolelærer |
Sted | LANGEVÅG (Adresse: Bratthaugmyra 39 Postnr: 6030) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 30-09-2024 |
Søknadsfrist | 01-05-2025 |