Tilkallingsvikar i ulike fag – ODD – ODDA VGS, Vestland fylkeskommune
Education Primary School(2 days ago)
Job Description
Published 24-11-2024
Deadline: 17-12-2024
Tilkallingsvikar i ulike fag
Skulen ligg i bysenteret Odda i Ullensvang kommune. Området er kjent for dramatisk landskap med fjord, fjell, brear og fossar. Dette gjev svært gode føresetnader for ulike aktivitetar, men er òg grunnlaget for verdsleiande industri. Hardanger og fruktdyrking er eit kjent omgrep, og aktivitetsturisme er blitt eit stort satsingsområde. Gjennom året vert det arrangert større og mindre kulturarrangement i kommunen, t.d. Hardanger musikkfest, Litteratursymposiet, Blueshelga, Sus & Dus, Morellfestivalen og Siderfestivalen.
Odda vidaregåande skule er ein skule med omlag 200 elevar og 50 tilsette, som er fordelt på studieførebuande program og yrkesfagleg program. Vi har eigen avdeling for tilrettelagt opplæring, samt landsline i smedfaget.
Skulen treng tilkallingsvikarar innanfor følgjande fagområde:
Yrkesfag (elektro, bygg, tif og helse) og Studiespesialiserande (realfag, språkfag, samfunnsfag)
Kan du undervisa i desse faga og har ledig kapasitet, høyrer me gjerne frå deg. Me ser både etter deg som står i arbeid no, men har ledig kapasitet, og deg som er student eller pensjonist. Behovet varierer, men arbeidet vil handla om å bidra til progresjon i fag når faglærar er vekke.
Arbeidsoppgåver
Undervisning
Bidra til fagleg progresjon
Samarbeid med andre på dei aktuelle fagfelta
Kvalifikasjonar
Undervisningskompetanse innan aktuelt fagområde
Pedagogisk kompetanse (ynskjeleg, men ikkje eit krav)
Personlege eigenskapar
Interesse for ungdom og evne til å skapa gode relasjonar
Evne til å engasjera elevar i læringsaktivitetar og skapa relevans i opplæringa
Gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
Løn i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
Godt fagmiljø
Kontaktinformasjon
Geir Veland, rektor , 97143273
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 4889470308
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.12.2024
DIVERSE INFO