Job Description

Published 02-09-2024
Deadline: 31-10-2024

 

Tilkallingsvikar – heimesjukepleia i Midt Telemark

Ønskjer du å bli med å løfta blikket og tenkja framtidsretta? Då kan dette vera noko for deg!

I heimetjenesta arbeider ein ute på bygda i private bustadar og inne i omsorgsbustader. Me er så heldige og får farta rundt i denne fine kommunen til alle tider på døgnet og får oppleva det fine kommunen har å by på. Hjelpa til med personleg hygiene, medisinering, ernæring og medikament er nokre av oppgåvene heimesjukepleia utfører.

Heimetjenesta i Midt-Telemark er ei avdeling inndelt i 3 soner, Sone Bø, Sone Gvarv og Fagsona. I Fagsona har me team som skal jobbe målretta med «kva er viktig for deg» som pasient i ulike fagfelt som demens, sår, respirasjon, kreft, innsatsteam og sjukepleiar-prosedyrar. Innsatsteamet hjelper pasientar som i periodar treng meir oppfølging for å klare seg mest mogleg sjølve.
Me samarbeider på tvers av sonane og fleire ansatte arbeidar i fleire soner.
I tillegg til eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, kan me skryte på kånn god takhøgde for forskjellige meiningar og mykje innslag av humor.

Me bruker fagdatasystemet Profil i forhold til all dokumentasjon rundt pasientane, og bemanningsverktøyet Ressursstyring i forhold til turnusarbeid, timelister etc.Complio blir brukt i høve til HMS avvik og som kvalitetssystem i kommunen.

Arbeidsoppgåver

  • Heilhetleg sjukepleie til brukerane. 
  • Medisinhåndtering
  • Prosedyrer
  • Velferdsteknologi
  • Journalføring og dokumentasjon

Kvalifikasjonar

Ønska kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar/helsefagarbeider – studenter og andre kan også søke
  • God kjennskap til bruk av data som verktøy
  • Du må kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg

Særskilde krav:

  • Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Skal framvisast før oppstart i stilling.
  • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune skal gjennomførast før oppstart i stilling.
  • Medisinkurs – kan taes på arbeidsplassen
  • Førarkort kl. B

Personlege eigenskapar

  • Er sjølvstendig og evnar å ta avgjersle
  • God relasjonskompetanse og evne til å skape lagånd og godt samarbeid
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Har interesse og glede av å jobbe med geriatri
  • Løysningsorientert, taklar stress godt
  • Du må kunne prioritere dine arbeidsoppgåver og være fleksibel
  • Omstillingsdyktig, blid og positiv. Eit “ja” menneske

Vi tilbyr

  • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Kantine til ansatte
  • Gratis parkering
  • Internundervisning

Kopi av vitnemål og attestar lastast opp som vedlegg i webcruiter.

Kontaktinformasjon

Elisabeth Josefsen, Avdelingsleiar, +47 99358302

Arbeidsstad

Gamleveg 46
3802 Bø i Telemark

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune

Referansenr.: 4853632653
Søknadsfrist: 31.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Hjemmetjenester Midt-Telemark orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa.

Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.

Webside https://midt-telemark.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Leder innenfor helsetjenester
Sted BØ I TELEMARK (Adresse: Gamleveg 46 Postnr: 3802)
Stillingstype Annet Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 31-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/6502ee20-adc7-4e9d-9bf7-b06154ebeb7c
IMPORTAPI