Job Description

Published 05-12-2024
Deadline: 03-02-2025

 

Tilkallingsvikar/Ferievikar ved psykisk helseteneste

Psykisk helseteneste i Årdal kommune søkjer etter fleire tilkallingsvikarar/ferievikarar 2025.

Psykisk helseteneste er lokalisert på Årdalstangen i Tangenvegen 14. Her har me bustader med tilknytt døgnbemanning, lågterskel dagtilbod, ambulerande tenester og samtaletilbod.

Kvalifikasjonskrav:

  • Personar med helse- og sosialfagleg høgskule utdanning og studentar innan desse studieretningane
  • Helsefagarbeidarar
  • Personar med erfaring frå tilsvarande arbeid.
  • Førarkort klasse B
  • Gyldig politiattest

Om du ikkje har utdanningskrava ovanfor, men kanskje har tankar om å starte opp med det i framtida er du og velkommen til å søke som vikar hjå oss.

I vår teneste vil me vektleggje desse personlege eigenskapane:

  • Evne til å bygge relasjonar og tillit
  • Høg arbeidskapasitet og stor fleksibilitet
  • Gode samarbeidsevner, men også at du kan jobbe sjølvstendig
  • Interesse for menneske og at du er utforskande

Me tilbyr:

  • Høve til å bygge kompetanse og erfaring innan fagområdet
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Godt arbeidsmiljø og samarbeid med dyktige kollegaer
  • Turnus med vakter på 12 timar natt/dag.

Me føretrekk deg som har høve til å vere vikar hjå oss gjennom året og som går inn som ferievikar i sommarturnusen vår. Dette for at det skal vere mest mogeleg forutsigbart for brukarane i vår teneste. Skriv difor gjerne noko om kva som er dine mogelegheiter for å jobbe framover i søknaden din til oss.

Søknadane vert vurdert forløpande. Søknadsfristen kan bli utvida.

Lønn og tilsetjingsvilkår

Stillinga er løna etter utdanning og praksis jamfør HTA.
Årdal kommune sin lokale lønspolitikk seier at høgskulestudentar som tek til i arbeid som er relevant i høve utdanninga dei tek, som hovudregel vert løna som fagarbeidarar.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Årdal kommune Helse orgnr: 921678339
Kort om arbeidsgiver Når du kjem innover langs Sognefjorden og trur du snart ikkje kan koma lengre, der finn du tekonologibygdi Årdal som òg er nasjonalparkkommune.
Årdal er vertskap for fleire populære festivalar med besøk av folk frå fjern og nært. Kommunen har aktive grupper innan alt ein kan driva med på fjord og i fjell og er ein kulturell- og idrettsaktiv kommune.
I kommunen er det har seks barnehagar, to skular, ein vidaregåande skule.
På Skeikampen har me ei koseleg bedriftshytte for tilsette.
Me har gode stipendordningar til etter og vidareutdanning og kan yte lån/tilskot til tilsette som skaffar seg eige husvære i kommunen. Meir informasjon om kommunen finn du på heimesida vår www.ardal.kommune.no, www.dittardal.no og www.visitardal.no. Sjekk oss gjerne på Facebook og Instagram.
Velkomen til oss i Årdal !
Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsefagarbeider
Sted ÅRDALSTANGEN (Adresse: Statsråd Evensensveg 4 Postnr: 6885)
Stillingstype Feriejobb Deltid Antall stillinger: 3
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 03-02-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/95315bcb-dbba-482b-947a-9e67d0e72050
IMPORTAPI