Tilkallingsvikar eining for omsorg  – Åseral kommune

Health and social care LPN (nurse)

(3 weeks ago)

  • ÅSERAL
  •  Post Date: 3. December 2024
  •  Expire date: 15. January 2025
Job Description

Published 03-12-2024
Deadline: 15-01-2025

 

Tilkallingsvikar eining for omsorg 

Åseralsheimen og heimetenesta i eining for omsorg har behov for å fylle på med fleire dyktige
tilkallingsvikarar.

Åseralsheimen er eit nytt og flott omsorgsbygg som sto ferdig hausten 2020. Her er det institusjonsplassar og fleire omsorgsbustadar til menneske med ulike behov.
Heimetenesta yt tenester til heimebuande som heimesjukepleie, praktisk bistand, helseteknologi og middagsombringing frå eige kjøkken på Åseralsheimen. 

Vi arbeider for at pasientar, brukarar og pårørande skal føle seg godt ivaretekne, og er opptekne av at den enkelte skal få gode og framtidsretta tenester.

Vi treng fleire tilkallingsvikarar, både på Åseralsheimen og ute i heimetenesta.

Vi søkjer etter deg som;

  • ønskjer å arbeide med eldre
  • er lære- og samarbeidsviljug
  • er fleksibel og arbeidssom

Det vil vere ein fordel om du går du på helsefagleg utdanning, men andre kan og søkje. Opplæring vil bli gitt.

Har du ledig tid på kveld, helg og i feriar og tenker at dette kan vere noko for deg?

Send inn ein søknad eller ta gjerne kontakt viss du har spørsmål.

Arbeidsoppgaver

  • Utføre helse – og omsorgsoppgåver etter fagleg standard
  • Kjenne til og bruke eininga sine prosedyrer og rutiner

Kvalifikasjoner

  • Fagbrev som helsefagarbeider
  • Studentar/elever som tek helsefaglig utdanning
  • Andre med erfaring frå liknande arbeid eller med interesse for faget

 

Merknad: Det må leggjast fram godkjent politiattest før tilsetjing.

Søkjar må ha førarkort klasse B for å kunne arbeide i heimetenesta.

Personlige egenskaper

 

  • Interessert i å arbeide med eldre menneske
  • Gode samarbeidsevner
  • Punktleg og strukturert
  • Fleksibel og positiv
  • Lærevillig og sjølvstendig
  • Gode datakunnskaper

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Spennande arbeidsoppgåver
  • Tariffesta løn og god pensjonsavtale i KLP
  • Lokal lønnsavtale for elevar og studentar i relevant utdanning

Kontaktinformasjon

Camilla Verdal, Einingsleiar omsorg, 90952859, camilla.verdal@aseral.kommune.no

Arbeidssted

Ljoslandsvegen 9
4540 Åseral

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Åseral kommune

Referansenr.: 4890036776
Stillingsprosent: 0%
Annet
Startdato: 02.12.2024
Søknadsfrist: 15.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Åseral kommune orgnr: 988431389
Kort om arbeidsgiver Åseral er ei bygd med eit aktivt kulturliv. Minne kultursenter i Kyrkjebygd romar faste og skiftande utstillingar, bygdemuseum, turistkontor og kafé.
I tilknyting til skulen ligg fleirbrukshallen med idrettsbane, skytebane og basseng. Uteområdet har mellom anna fotballbane og friidrettsarena. Åseral kommune er Norges sørlegaste fjellparadis med vintersportsstadane Bortelid, Eikerapen og Ljosland. 
Det er gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Med halvannan times køyring kjem du til Kristiansand, medan vi ligg tre timar frå Stavanger. Det kan også vera moglegheiter for andre jobbar i kommunen eller i regionen for eventuell partner.
Webside http://www.aseral.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsefagarbeider
Sted ÅSERAL (Adresse: Ljoslandsvegen 9 Postnr: 4540)
Stillingstype Annet Deltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse 02-12-2024
Søknadsfrist 15-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/4b68f87b-6bb0-4a59-819e-78304934ee0b
IMPORTAPI