Tilkallingsvikar – Edland barnehage, Vinje kommune
Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare(2 weeks ago)
Job Description
Published 14-01-2025
Deadline: 01-04-2025
Tilkallingsvikar
Me søkjer engasjerte og omsorgsfulle personar som vil jobbe som vikar i barnehagen.
Du må ha evne til å skape gode relasjonar til barn, og ynskje om å vera med å forme kvardagen til barna i Edland barnehage.
Arbeidsoppgåver
- Vikar ved fråver, enkeltdagar eller ved lengre fråver
- Delta i barna sin leik og aktivitet, ute og inne
- Vera medansvarleg for barna sin heilskaplege trivsel og utvikling
Kvalifikasjonar
- Ingen formelle kvalifikasjonar
- Gode kommunikasjonsdugleikar
Personlege eigenskapar
- Du må ha evne til å skape gode relasjonar til barn og vaksne
- Du må ha fokus på barna, vera engasjert og ha godt humør
- Du må vera ein tydeleg og trygg vaksen
- Du må vera positiv og villig til å lære nye ting
- Du må trivast i ein hektisk kvardag
- Du må vera glad i aktivitet, både inne og ute
- Du må vera fleksibel, til dømes kunne stille i barnehagen på kort varsel og byte mellom avdelingar
- Du må vera god til å kommunisere på norsk (minimum B2)
Me tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø med fagleg dyktige kollegaer
- Varierte arbeidsdagar med mykje glede og humor
- God forsikrings- og pensjonsordning
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest, jf Barnehagelova §30. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månadar og skal ikkje leverast med søknaden.
Aktuelle kandidatar blir kontakta, og kan bli kalla inn til intervju.
I samband med intervju må du levere kopi av vitnemål og attestar.
Kontaktinformasjon
Katrine Grindalen, Verksemdsleiar Edland barnehage, +47 41540655
Arbeidsstad
Storegutvegen 76
3895 Edland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommune
Referansenr.: 4903787649
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Startdato: 14.01.2025
Sluttdato: 31.12.2025
Søknadsfrist: 01.04.2025
DIVERSE INFO