Job Description

Published 31-07-2024
Deadline: 01-06-2025

 

Tilkallingsvikar barnehagane på Kaupanger

Barnehagane i Sogndal kommune ønskjer fleire tilkallingsvikarar. 

Her kan du søke som tilkallingsvikar i  barnehagane på Kaupanger 2024/25

  • Furuli barnehage
  • Kvernhushaugen barnehage

Likar du å arbeida med barn, og har høve til å ta på deg arbeid av og til? Då vil me gjerne at du tek kontakt med styrar i barnehagen.

Arbeid i barnehage er variert, interessant, gjevande og du vert kjend med gode og positive barn som lærer kvar dag.

Me kan tilby:

  • Utfordrande, varierande og  interessante arbeidsoppgåver
  • Godt arbeidsmiljø
  • Erfarne og dyktige kollegaer som vil gje deg god opplæring
  • Løns- og arbeidsvilkår iflg. gjeldande lov, forskrift og tariffavtalar
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar

  Andre opplysningar:

  • Tilsette må levere politiattest
  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit

Kontaktinformasjon:

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sogndal kommune Sogndalsbarnehagen orgnr:
Kort om arbeidsgiver Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn.
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.

Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Webside
Bransje Utdanning
Yrke Barnehage- og skolefritidsassistenter
Sted SOGNDAL (Adresse: Dalavegen 2 Postnr: 6856)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 01-06-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/cd85de4d-da5f-4e90-a633-e2e96426f594
IMPORTAPI