Teknisk forvaltar – Tenesteproduksjon, Helse Vest IKT

Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare

(1 week ago)

  • BERGEN
  •  Post Date: 9. September 2024
  •  Expire date: 30. September 2024
Job Description

Published 09-09-2024
Deadline: 30-09-2024

 

Teknisk forvaltar

Helse Vest IKT forvaltar om lag 1500 system. Mange av desse har stor samfunnsmessig betydning for pasientbehandlinga i Helse Vest. Vi søker no etter nye og engasjerte medarbeidarar til vår 3. linje innan applikasjonsdrift. Vi har to ledige stillingar. I den eine stillinga vil ein jobbe tett mot eigedoms- og apoteksystem, medan i den andre vil ein vere tettare på system innan røntgen- og bileteområda. Om du er ansvarsfull og ønsker ein meiningsfull jobb der du er med på å betre pasientbehandlinga på Vestlandet gjennom digitale tenester, kan det vere nettopp deg vi ser etter.

Seksjon for applikasjonsdrift består i dag av 30 medarbeidarar med driftsansvar for dei 500 største og mest kritiske applikasjonane i Helse Vest. Blant desse applikasjonane finn vi ulike system som understøttar heile pasientforlaupet frå ein ringer ambulanse til ein blir skriven ut att frå sjukehuset. I tillegg driftar vi underliggande tenester som er naudsynte for stabil og sikker drift, samt administrative system som er naudsynte for føretaka på organisatorisk nivå.

Denne store og varierte systemporteføljen ivaretek vi i team med dyktige funksjonelle forvaltarar. Teama har eit tett samarbeid med både kundane i helseføretaka, leverandørar og resten av Helse Vest IKT. Appdriftaren i teamet er ein teknisk forvaltar som jobbar for effektiv, stabil og sikker drift, automatisering og kontinuerleg tenesteforbetring. 

Vi har kontor i Bergen, Stavanger, Haugesund og Førde. Vi jobbar mykje virtuelt og du kan difor sjølv velje arbeidsstad blant desse alternativa.

Arbeidsoppgåver

Hos applikasjonsdrift får du utføre både tekniske driftsoppgåver, 3. linje episodehandtering, samt prosjekt- og problemarbeid.

  • Du vil ta del i planlegging og gjennomføring av:
    • Installasjonar
    • Vedlikehald
    • Dokumentasjon
    • Oppgraderingar
    • Overvaking
    • Testing
    • Feilsøking
    • Forbetringsinitiativ
    • Rådgjevnad
  • Du vil løyse saker som blir sendt vidare frå Kundesenteret og 2. linje.
  • Du vil jobbe med problemsaker.
  • Du vil i byrjinga bidra inn i seksjonen sitt dispatcharteam.
  • Du vil vere med i løysingsteam ved omfattande episodar og beredskap på dine fagsystem.

Kvalifikasjonar

  • IT- eller teknisk utdanning på universitets- eller høgskulenivå.
  • God kjennskap til, og erfaring med, Windows-serverar.
  • Erfaring med Powershell.
  • Kjennskap til Linux-serverar.
  • Kjennskap til Kubernetes.
  • Kjennskap til ITIL.
  • Kjennskap til Ancible.
  • Kjennskap til databasar.
  • Kjennskap til brannmur.
  • God kommunikasjonsevne på norsk (bokmål eller nynorsk) og engelsk.

Manglar du kjennskap eller erfaring på nokre av punkta? Vi oppfordrar deg likevel til å søke. Vi kan gi både intern og ekstern opplæring så lenge du er motivert for å lære. Fagbrev med fordjuping i IT-drift kan òg bli vurdert dersom du manglar høgskule- eller universitetsutdanning.

Personlege eigenskapar

  • Du er sjølvgåande, strukturert og analytisk.
  • Du tek initiativ, samt planlegg og prioriterer dine eigne arbeidsoppgåver.
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Du er nysgjerrig på ny kunnskap.
  • Du er ansvarsfull og gjer deg tilgjengeleg for å sikre stabil drift.
  • Du er interessert i IKT-faget og har ei framståande løysingsorientert haldning.

Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull jobb med interessante og ansvarsfulle arbeidsoppgåver.
  • Spennande og varierte utfordringar.
  • Moglegheit til fagleg og personleg utvikling i eit av dei største IT-miljøa på Vestlandet.
  • Gode kompensasjonsordningar for overtid.
  • Fridom under ansvar.
  • Moglegheit til å påverke din eigen arbeidskvardag.
  • Fleksibel arbeidstidsordning, inkludert fleksitid og heimekontorordningar.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP.
  • Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette.
  • Telefon- og breibandsstøtte.
  • Løn og oppstart etter avtale.

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Christen Olav Dale, Seksjonsleiar, +47 93 28 44 07

Arbeidsstad

Bjørnsons gate 29
5052 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Vest IKT

Referansenr.: 4856671641
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.09.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Tenesteproduksjon, Helse Vest IKT orgnr:
Kort om arbeidsgiver Helse Vest IKT leverer alle IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Vest. Våre kundar er både dei offentlege sjukehusa i Helse Vest, samt fleire private helsetenesteleverandørar i regionen. Vi har kontor i Bergen, Stavanger, Førde og Haugesund.

Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no

Webside www.helse-vest-ikt.no
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted BERGEN (Adresse: Bjørnsons gate 29 Postnr: 5052)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 30-09-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/58681df0-d4e3-48ca-9395-9db079d42897
IMPORTAPI