Job Description

Published 04-12-2023
Deadline: 19-12-2024

 

Tednebakkane omsorgssenter

Om avdelinga:

Tednebakkane omsorgsenter er ein institusjon som ligg idyllisk til på Rong med utsikt mot Hjeltefjorden.

Sjukeheimen er inndelt i 3 avdelingar: Somatisk avdeling med 21 plassar, dementavdeling med 20 plassar og forsterka skjerma avdeling med 4 leilegheiter. Totalt 45 langtidsplassar. Me har eige institusjonskjøkken og dagavdeling

Om stillinga:

Det er 2 avdelingsleiarar knytt til eininga, og ein har i dag eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø beståande av sjukepleiarar, ergoterapeut, helsefagarbeidarar, assistentar. Me har lege på huset kvar dag. Fysioterapeut ved behov. Vår dyktige aktivitetsterapeut planleggjar aktivitet tilpassa bebuarane.

Vi held for tida på med fleire spanande prosjekter i kommunen. Blant anna i høve til heiltidskultur, TØRN, mentorordning, fagutvikling og arbeidstidsordningar. 

Det er ei målsetjing å arbeida for ei heiltidskultur til beste for tilsette, leiarar og innbyggjarar. Dei som bur her skal oppleva tryggleik, trivsel, meistring og aktivitet, samt at tilsette skal ha eit godt arbeidsmiljø der fagleg utvikling og kontinuerleg forbetring vert vektlagt. Samarbeid med pårørande, frivillige og andre aktørar vert og viktig for å lukkast.

Som einingsleiar vil du ha ein heilskapleg ansvar for drift og utvikling av Tednebakkane omsorgssenter. Du deltek i Øygarden kommune sitt leiarnettverk for institusjonar og i Kommunalsjef for Helse og velferd sitt leiarteam. Einingsleiar rapporterer direkte til kommunalsjef for Helse og velferd.

Arbeidsoppgåver:

  • Fag, personal og økonomiansvar
  • Sikre samhandling, heilskap og fleksibilitet innan fagområdet og organisasjonen
  • Væra pådrivar for gode rutinar, systemretta arbeid og effektiv tenesteyting
  • Oppfølging av kommunen sine satsingsområder innan fagfeltet

Kvalifikasjonar: 

  • Du har relevant helsefagleg utdanning på høgskule – eller universitetsnivå
  • Brei og relevant fagkompetanse
  • Relevant leiarerfaring
  • Gode samarbeidsevner med tydeleg og god kommunikasjon
  • Evne til å vera fleksibel  og utviklingsorientert
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne 

Ønskjeleg med:

  • Leiarutdanning
  • Erfaring med  heilskapleg verksemdstyring
  • Erfaring frå omstillingsarbeid

Vi treng deg som:

  • Evner å bidra til å skapa samhandling på tvers i organisasjonen
  • Tek initiativ, arbeider sjølvstendig og er løysingsorientert innanfor handlingsrom som ligg til stillinga
  • Er opptatt av å gje gode tenester innafor vedtekne økonomiske rammer
  • Er ein synleg, samlande og tydeleg leiar
  • Er glad i menneskjer og har evne til å inspirera, involvera og vidareutvikla dine tilsette

Vi tilbyr:  

  • Gode pensjons og forsikringsordningar
  • IA- bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Leiarstøtte frå fagstab
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Anna:

Det er god parkeringsmoglegheit

Kontakt: 

Kommunalsjef: Line Barmen, Mail: line.barmen@oygarden.kommune.no, Tlf: 99377018

Ass. kommunalsjef: Tove Helleland, Mail: tove.helleland@oygarden.kommune.no, Tlf: 99707128

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Øygarden kommune Tednebakkane omsorgssenter orgnr: 973963457
Kort om arbeidsgiver Tednebakkane omsorgssenter er ein av seks institusjonar med heildøgns omsorg i den nye kommunen. Omsorgssenteret er organisert i kommunalsjefområde Helse og velferd. Eininga består av sjukeheim med kjøkken/kantine, dagsenter og omsorgsbustadar.
Webside
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Ledelse, administrasjon og rådgivning
Sted RONG (Adresse: Ternholmvegen 53 Postnr: 5337)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 19-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e2872415-90ca-4b76-8c7b-83e4514c570f
IMPORTAPI