Tednebakkane omsorgssenter – Ãygarden kommune Tednebakkane omsorgssenter
Kontor og økonomi Ledelse, administrasjon og rådgivning(11 måneder ago)
Job Description
Published 04-12-2023
Deadline: 19-12-2024
Tednebakkane omsorgssenter
Om avdelinga:
Tednebakkane omsorgsenter er ein institusjon som ligg idyllisk til på Rong med utsikt mot Hjeltefjorden.
Sjukeheimen er inndelt i 3 avdelingar: Somatisk avdeling med 21 plassar, dementavdeling med 20 plassar og forsterka skjerma avdeling med 4 leilegheiter. Totalt 45 langtidsplassar. Me har eige institusjonskjøkken og dagavdeling
Om stillinga:
Det er 2 avdelingsleiarar knytt til eininga, og ein har i dag eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø beståande av sjukepleiarar, ergoterapeut, helsefagarbeidarar, assistentar. Me har lege på huset kvar dag. Fysioterapeut ved behov. Vår dyktige aktivitetsterapeut planleggjar aktivitet tilpassa bebuarane.
Vi held for tida på med fleire spanande prosjekter i kommunen. Blant anna i høve til heiltidskultur, TØRN, mentorordning, fagutvikling og arbeidstidsordningar.
Det er ei målsetjing å arbeida for ei heiltidskultur til beste for tilsette, leiarar og innbyggjarar. Dei som bur her skal oppleva tryggleik, trivsel, meistring og aktivitet, samt at tilsette skal ha eit godt arbeidsmiljø der fagleg utvikling og kontinuerleg forbetring vert vektlagt. Samarbeid med pårørande, frivillige og andre aktørar vert og viktig for å lukkast.
Som einingsleiar vil du ha ein heilskapleg ansvar for drift og utvikling av Tednebakkane omsorgssenter. Du deltek i Øygarden kommune sitt leiarnettverk for institusjonar og i Kommunalsjef for Helse og velferd sitt leiarteam. Einingsleiar rapporterer direkte til kommunalsjef for Helse og velferd.
Arbeidsoppgåver:
- Fag, personal og økonomiansvar
- Sikre samhandling, heilskap og fleksibilitet innan fagområdet og organisasjonen
- Væra pådrivar for gode rutinar, systemretta arbeid og effektiv tenesteyting
- Oppfølging av kommunen sine satsingsområder innan fagfeltet
Kvalifikasjonar:
- Du har relevant helsefagleg utdanning på høgskule – eller universitetsnivå
- Brei og relevant fagkompetanse
- Relevant leiarerfaring
- Gode samarbeidsevner med tydeleg og god kommunikasjon
- Evne til å vera fleksibel og utviklingsorientert
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Ønskjeleg med:
- Leiarutdanning
- Erfaring med heilskapleg verksemdstyring
- Erfaring frå omstillingsarbeid
Vi treng deg som:
- Evner å bidra til å skapa samhandling på tvers i organisasjonen
- Tek initiativ, arbeider sjølvstendig og er løysingsorientert innanfor handlingsrom som ligg til stillinga
- Er opptatt av å gje gode tenester innafor vedtekne økonomiske rammer
- Er ein synleg, samlande og tydeleg leiar
- Er glad i menneskjer og har evne til å inspirera, involvera og vidareutvikla dine tilsette
Vi tilbyr:
- Gode pensjons og forsikringsordningar
- IA- bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Leiarstøtte frå fagstab
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Anna:
Det er god parkeringsmoglegheit
Kontakt:
Kommunalsjef: Line Barmen, Mail: line.barmen@oygarden.kommune.no, Tlf: 99377018
Ass. kommunalsjef: Tove Helleland, Mail: tove.helleland@oygarden.kommune.no, Tlf: 99707128
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO