Teaterlærar – Austevoll kommune

Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare

(23 hours ago)

  • STOREBØ
  •  Post Date: 2. October 2024
  •  Expire date: 27. October 2024
Job Description

Published 02-10-2024
Deadline: 27-10-2024

 

Teaterlærar

Om arbeidsstaden

Kommunalområdet Oppvekst er ei eining med omlag 145 tilsette, og blir leia av kommunalsjefen. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø skule, Selbjørn skule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelsa og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.

Om stillinga

Austevoll kommune har ledig 20 % fast stilling som kulturskulelærar frå 01.01.2025

Ansvars- og arbeidsoppgåver

  • Undervisning i teater med barn og unge

Vi tilbyr

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit  godt og  positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter kvalifikasjonar, kommunen har eit rekrutteringstillegg for lærarar på 12 300 kr pr år.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Slik søkjer du

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka “Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Kvalifikasjonskrav

  • Pedagogisk og teaterfagleg høgare utdanning er ynskjeleg, men andre kvalifikasjonar kan og vurderast.
  • Internasjonale gradar må vere godkjent av NOKUT

Erfaring:

  • Erfaring frå teaterarbeid med born og unge er ynskjeleg

Personlege eigenskapar:

  • Vi ynskjer ein  fleksibel og kreativ person som kan ta sjølvstendig ansvar for prosjekt

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Austevoll kommune orgnr: 976973860
Kort om arbeidsgiver

Austevoll er ei øygruppe og ein kommune Sør-Vest i Vestland fylke. Austevoll er landets største fiskerikommune med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spennande jobbar.

Kommunen sitt administrasjonskontor held til i nye lokalar i kommunehuset på Storebø som ligg 5 minuttars køyring frå ferje- og snøggbåtkai.
Sambanda mellom Austevoll og fastlandet er gratis for alle reisande!  

Kommunen har eit folketal på 5.300 innbyggjarar og dagleg pendlar om lag 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er om lag 450 fast tilsette som er opptatt av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester.

Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.

Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til stilling i Austevoll kommune!

Webside https://www.austevoll.kommune.no/
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted STOREBØ (Adresse: Birkelandsvegen 2 Postnr: 5392)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 27-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/92327f1f-163b-49c4-8ada-b81b4ce16e51
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/268692