Job Description

Published 08-10-2024
Deadline: 03-11-2024

 

Teamsekretær for tvungent psykisk helsevern

Er du vår nye teamsekretær for tvungent psykisk helsevern? Vi har ledig 100 % prosjektstilling til hausten 2027!

Helse Møre og Romsdal søker ein strukturert og engasjert teamsekretær til eit spanande regionalt prosjekt. I samarbeid med Helse Nord-Trøndelag og St. Olavs hospital skal vi styrke tilbodet til pasientar på tvungent psykisk helsevern utan døgnopphald (TUD). Dette er ei unik moglegheit til å vere med på å utvikle framtidas helsetenester for ei viktig pasientgruppe.

Om prosjektet
Som teamsekretær vil du spele ei nøkkelrolle i det administrative arbeidet. Saman med koordinator og prosjektleiar skal du bidra til å etablere eit nytt og heilskapleg tilbod for TUD-pasientar, og vil få utfordrande og varierte oppgåver.

Arbeidsoppgåver

  • Betjene telefonhenvendelsar og svare på spørsmål frå samarbeidspartnarar
  • Følgje opp TUD-lister i samarbeid med koordinator og spesialistar
  • Utføre dokumentkontroll og sikre at fristar blir haldne
  • Sjekke vedtak og førebu saker til Kontrollkommisjonen
  • Støtte koordinator, spesialistar og lokal prosjektleiar med møteforberedelsar og praktiske oppgåver som booking av møterom
  • Andre relevante administrative oppgåver som måtte oppstå under prosjektperioden

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som helsesekretær, men lang erfaring frå liknande arbeid kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Erfaring frå psykiatri eller liknande arbeid vil vere ein fordel
  • Meget gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Høg grad av IKT-forståing og teknisk innsikt

Personlege eigenskapar

  • Evne til å handtere fleire oppgåver samtidig og jobbe strukturert under press
  • Effektiv, nøyaktig og konsentrert, også på travle dagar
  • Gode samarbeidsevner, men også sjølvstendig arbeidsevne
  • Serviceinnstilt og løysingsorientert
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Eit sterkt tverrfagleg samarbeid med engasjerte fagpersonar
  • Ein inkluderande og støttande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i ei god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

 

Er du klar for ei utfordring der du kan bidra til å utvikle nye tilbod innan psykisk helsevern? Send inn søknaden din i dag!

Kontaktinformasjon

Åse Helene Gjærde, Seksjonsleiar, +47 70 10 65 33, ase.helene.gjerde@helse-mr.no

Arbeidssted

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4868574104
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 02.12.2024
Sluttdato: 30.09.2027
Søknadsfrist: 03.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Ambulante tenester psykisk helse DPS Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF orgnr: 980564002
Kort om arbeidsgiver

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

 

Webside http://www.helse-mr.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsesekretær
Sted ÅLESUND (Adresse: Åsehaugen 5 Postnr: 6017)
Stillingstype Engasjement Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 02-12-2024
Søknadsfrist 03-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/193984b9-f228-4b4e-8302-f2ce9139a359
IMPORTAPI