Teamleiar – Lustrabadet KF

Kultur og kreative yrker Fritid

(1 day ago)

  • GAUPNE
  •  Post Date: 23. October 2024
  •  Expire date: 10. November 2024
Job Description

Published 23-10-2024
Deadline: 10-11-2024

 

Teamleiar

Stillingsinformasjon

Stillinga som teamleiar på Lustrabadet er ei 100% fast stilling, der arbeidstida er fleksibel, men hovudsakleg 7-15. Arbeidstida kan variere utifrå arbeidsoppgåver og ein må rekne med noko kvelds- og helgearbeid for å kunne gi god personaloppfølging.

Stillinga er nødvendig for effektiv drift med kompetanse på bemanning, sikkerheit, livredning, rutinar, reinhald, arrangement og innkjøp. Stillinga rapporterar direkte til dagleg leiar.

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg oppfølging av badevertane, ansvar for bemanning, turnussystem, utvikling av fagleg kompetanse, opplæring og oppfølging av nye medarbeidarar
  • Ansvar for god drift, sikkerheit i og rundt bassenga, daglege driftsrutinar, avviksrapportering og oppfølging, reklamasjonar, m.m. i tett samarbeid med dagleg leiar
  • Livredning, ansvar for livredningskurs, både internt og eksternt. Må vere oppdatert til ei kvar tid på reglar og prosessar ift. livreddande prosedyrar
  • Rutinar, følgje opp og effektivisere rutinar
  • Reinhald, følge opp vedlikehald og reinhald i heile bygget
  • Arrangement, ansvar for alle arrangement. Planlegge og utføre inntektsskapande aktivitet
  • Kafé og resepsjon, ansvar for kafé og resepsjon, innkjøp av varer, badebutikk
  • Vikar teknisk, kunne dei grunnleggjande oppgåvene på teknisk avdeling. Blir vikar når teknisk leiar skal ha ferie/fri
  • Stillinga krev noko kvelds- og helgearbeid i løpet av året, gå inn å ta vakter der det er behov
  • Andre oppgåver som naturleg fell inn under stillinga sitt ansvarsområde

Krav til stillinga

  • Må bestå livredningsprøve 2 gonger årleg
  • Det er ein fordel om du er instruktør for livreddarar og badevakter i enten NLS (Norges livredningsselskap) eller Bad, Park og Idrett, eller har liknande erfaring
  • Erfaring frå tilsvarande arbeid er ein fordel
  • Det er en fordel om du har erfaring med reinhald
  • Effektiv og systematisk
  • Entusiastisk og drivande
  • Gode datakunnskapar. Det er ein fordel om du har god kjennskap til Microsoft Office
  • God munnleg og skriftleg norsk
  • Må vere fylt 20 år

Me tilbyr

  • Knakande flott arbeidsplass med gode kollegaer
  • Ein variert og spennande kvardag
  • God opplæring på alle område
  • Fast tilsetjing
  • Fantastiske badegjester
  • Løn og pensjonsordning i h.h.t. kommunalt avtaleverk

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Lustrabadet KF orgnr: 997479866
Kort om arbeidsgiver Luster kommune ligg inst i Sognefjorden, har omlag 5.300 innbyggjarar og er ein av dei største kommunane i Sør-Noreg. Me har tre nasjonalparkar, verdsarven Urnes stavkyrkje, vakker natur og svært gode vilkår for friluftsliv. Næringslivet er variert – frå tradisjonelt landbruk til moderne industriverksemder og stadig meir varierte servicebedrifter. Luster har godt utbygde desentraliserte tilbod og mange levande bygder. Kommunesenteret Gaupne ligg 25 minutt frå region- og utdanningssenteret Sogndal. Kommunen har gode tenester, styrings- og kvalitetssystem. Meir informasjon finn du på: www.luster.kommune.no

Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/f8915265-a527-4dd3-a2c7-d0ef4f693575

Webside
Bransje Kultur og kreative yrker
Yrke Fritid
Sted GAUPNE (Adresse: Rådhusvegen 7B Postnr: 6868)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 10-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/c7a1fb2f-fb39-423c-91fd-278713e96952
IMPORTAPI