Teamleiar – Geografisk driftseining Sunnmøre – Møre og Romsdal politidistrikt. Ved eit eventuelt opprykk kan det bli ledig stilling som politibetjent 3/2/1.
Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare(23 hours ago)
Job Description
Published 12-12-2024
Deadline: 29-12-2024
Teamleiar
Vi søkjer dyktige etterforskarar til ledige stillingar som politiførstebetjent ved Nordre Sunnmøre politistasjon i Ålesund politistasjonsdistrikt, og ved Ulsteinvik politistasjon. Ved eit eventuelt internt opprykk kan det bli ledig stilling som etterforskar, politibetjent 3/2/1.
Formålet med stillinga er at du skal vere med på å sikre stabilitet og kvalitet i etterforskingsarbeidet i driftseininga. Du må rekne med å delta innan heile ansvarsfeltet som den geografiske driftseininga har i straffesaksbehandlinga. Du vil primært ha saksansvar i eiga saksportefølje, i tillegg til å vere ressursperson
(senioretterforskar) for andre etterforskarar ved seksjonen.
Det ligg også til stillinga å bli utpeikt til politifagleg etterforskingsleiar i dei sakene der det er behov for det.
Driftseining Sunnmøre omfattar Ålesund politistasjonsdistrikt, Ulstein og Hareid politistasjonsdistrikt, Indre Sunnmøre politistasjonsdistrikt og Søre Sunnmøre politistasjonsdistrikt. Det er ledig
- Ei stilling som teamleiar ved Nordre Sunnmøre politistasjon, Vatne
- Ei stilling som teamleiar ved Ulsteinvik politistasjon
Etterforskingsmiljøet i driftseininga er prega av å vere eit ungt etterforskarmiljø. Vi ønsker å bygge vidare på læring og utvikling i miljøet, og dette skal forsterkast vidare. Arbeidsdagen er prega av høgt tempo og stort arbeidspress.
Du må pårekne med arbeid innan krimvakttjeneste i helg, for tida kvar 6. kvar veke.
Arbeidsoppgåver
Teamleiar:
- Etterforske og gjennomføre taktisk etterforsking i eigne saker, herunder avhøyr mm.
- Utøve politifagleg etterforskingsleiing og ha fagleg ansvar for etterforsking i tildelte straffesaker
- Kvalitetssikring i straffesaksbehandlinga
- Rettleiing/opplæring av studentar og øvrige etterforskarar ved seksjonen
- Delta i operative aksjonar i regi av team/seksjon, eller som bistand til andre einingar
- I samarbeid med påtalejurist prioritere, utføre og følgje opp etterforskingsskritt
- Støtte politipatruljane sin straksetterforsking og politiarbeid på staden
- Bidra til å bygge kompetanse innan etterforskingsfaget i politidistriktet
- Vere pådrivar og støttespelar i utviklinga av eit godt medarbeidarskap, ønskt kultur og medarbeidartilfredsheit i organisasjonen
- Andre oppgåver kan påleggast av leiar
Etterforskar pb3/2/1 ved evt. opprykk:
- Etterforskingsoppgåver
- Kriminalitetsførebyggande arbeid
- Krimvakt/publikumsmottak
- Samarbeid i grupper ved etterforsking av større saker
- Utføre etterforsking med politiarbeid på staden (PPS) som arbeidsmetode
- Andre oppgåver som høyrer til den daglege tenesta ved eininga
- Bidra med rettleiing og ved opplæring/kompetansehevande tiltak ved eininga
- Støtteliste ved vakt og beredskap kvar fjerde helg
- Kan påleggast andre oppgåver
Kvalifikasjonar
Teamleiar
Nødvendig:
- Fullført og bestått politi(høg)skule.
- Brei kompetanse og erfaring knytt til etterforsking
- Særs god kjennskap til lovverket innanfor etterforsking
- Erfaring med prosjekt- og teamarbeid
- God munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk
- Gode kunnskapar i bruk av datasystemet til politiet
Ønskeleg:
- Vidareutdanning innan etterforsking
- Tilleggsutdanning innan eitt eller fleire fagområde innanfor etterforsking
- Relevant leiarerfaring er ein fordel
- Erfaring frå etterforskingsleiing i sak og på portefølje
- Kjennskap og forståing av planleggings- og styringssystema til politiet
- Kunne vise til god resultatoppnåing i tidlegare stillingar
Etterforskar politibetjent 3/2/1:
Nødvendig:
- Fullført og bestått Politi(høg)skule. Vitnemål skal leggast ved. Karakterskjema skal fyllast ut og leggast ved søknaden, sjå https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema
- God skriftleg og munnleg formidlings- og kommunikasjonsevne
- Operativ godkjenning kategori 4 eller vere kvalifisert for og villig til å bli IP4-godkjent
Ønskeleg:
- Relevant erfaring frå politistilling
- Erfaring frå etterforsking
- Gode resultat frå utdanning ved Politi(høg)skulen
- Etter/-vidareutdanning innan etterforsking
- Anna relevant tilleggsutdanning/kurs/erfaring
For stillingane må ein ha plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
Personlege eigenskapar
Teamleiar
- Du har god evne til å samarbeide internt og eksternt, samt evner å motivere og utvikle medarbeidarar.
- Du er heilskapsorientert, og kan sette retning, drive endring, og skape resultat i samhandling med andre.
- Du er villig til å utvikle deg og lære deg nye fagområde.
- Du har god gjennomføringsevne, og kan jobbe sjølvstendig med god struktur og
framdrift. - Du har gode kommunikasjonsevner og er dyktig i relasjonsbygging.
- Du tar ansvar, er kreativ og løsningsorientert, og du er flink til å sjå moglegheiter innanfor tildelte rammer.
Etterforskar politibetjent 3/2/1:
- Motivasjon og interesse for etterforskingsfaget
- Gode samarbeidsevner
- Strukturert og ansvarsbevisst i arbeidet ditt
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
Vi tilbyr
- Ei utfordrande og spennande stilling for deg som vil vere med og forme politiet for framtida
- Stillinga blir lønna som politiførstebetjent, stillingskode 0285/1455, i Møre og Romsdal politidistrikt med brutto årslønn frå kr. 584 500,- til kr. 679 700,-
- Ved ledig stilling som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457) er tilsetting avhengig av erfaring og kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter.
Politibetjent 3 – brutto årslønn frå kr. 575 400 – kr. 667 700
Politibetjent 2 – brutto årslønn frå kr. 509 300 – kr. 565 900
Politibetjent 1 – brutto årslønn frå kr. 487 700 – kr. 532 200 - Godtgjersle etter gjeldande ATB og tillegg for eventuell turnusteneste
- For særskilt kvalifiserte kan høgare lønn vurderast
- Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode pensjons- og forsikringsordningar. Sjå www.spk.no for meir informasjon
- Moglegheit for trening i arbeidstida
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og knytt til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi- og lensmannsetaten, derunder at prøvetida er seks månadar.
Kontaktinformasjon
Renate Grande, Politistasjonssjef, Nordre Sunnmøre, 70118829
Hilde Sæter, Politistasjonssjef, Ulsteinvik, 92261533
Arbeidsstad
Vatnevegen 9
6265 Vatne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal politidistrikt
Referansenr.: 4890181164
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 29.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Geografisk driftseining Sunnmøre – Møre og Romsdal politidistrikt. Ved eit eventuelt opprykk kan det bli ledig stilling som politibetjent 3/2/1. orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Om politidistriktet Organisering av politidistriktet Dette er verdiane våre Positiv særbehandling av søkarar til statlege verksemder Om offentleg søkarliste Har du hugsa dette? |
Webside | www.politiet.no/jobb |
Bransje | Uoppgitt/ ikke identifiserbare |
Yrke | Ikke identifiserbare |
Sted | VATNE (Adresse: Vatnevegen 9 Postnr: 6265) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 2 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 29-12-2024 |