Eid Taxisentral kan tilby fleire stillingar som drosjesjåfør, både heil- og deltid, samt sesongbasert, då vi har fleire køyreoppdrag på vår- og sommarhalvåret.
Du er serviceinnstilt, påliteleg og ansvarsfull, samt løysningsorientert i ein variert og tidvis hektisk kvardag. Du er trygg i trafikken, med ein avslappa og behageleg køyrestil.
Førarkort klasse B er eit krav. Det er ein stor fordel dersom du i tillegg har D eller D1 med YSK. Du må ha gyldig køyresetel.
Vi er behjelpeleg med køyresetel/YSK for den rette kandidaten.
Du snakkar flytande norsk eller skandinavisk, og behersker engelsk munnleg.
Kandidatar vert løpande vurdert.
Kontakt Ronny Heggen på mobil 91518989.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver
Eid Taxi Sentral As orgnr: 988363960
Kort om arbeidsgiver
Eid Taxisentral AS treng serviceinnstilte personar for heiltid- eller deltidstilling som drosjesjåfør.
Vi utfører persontransport på kontrakt for fleire oppdragsgjeverar. Til dømes skulekøyring, pasienttransport, oppdrag for kommune og fylkeskommune. Førehands- og direktebestillingar, samt flytaxikøyring. Vi har også vesentleg sesongbasert køyring i forbindelse med anløp av cruiseskip til Nordfjordeid og omegn.