Tannpleiar – IDI – Stord klinikkområde, Vestland fylkeskommune
Health and social care Tannhelse/-pleie(3 days ago)
Job Description
Published 19-03-2025
Deadline: 03-04-2025
Tannpleiar
Vestland tannhelseteneste – Stord tannklinikk har ledig 100% stilling som tannpleiar med tiltreding 01.8.2025.
Stord tannklinikk er ein klinikk med TOO team, 7 tannlegar innkludert spesialist i endodonti og 2 tannpleiarar. God pasienttilgang og varierte arbeidsoppgaver.
Avgangstudenter vår 2025 kan også søke.
Stord er ein kommune i Sunnhordland i Vestland fylke (tidligere Hordaland). Også namn på øya Stord, kor sørlege halvdel dekkes av Stord kommune, og den nordlege av Fitjar. Kommunesenteret heiter Leirvik, som på folkemunne blir kalt «Vikjo». Her bor det ca. 14 000 innbyggere. Største hovednæring er leverandørindustrien innen olje og gass .
Stord har eit rikt kulturliv, med kulturhus, kino, korps og fleire sangkor. Gode tilbod innan idrett med til dømes fotball, handball og svømming.
Stord har eige sjukehus og flyplass. Ligg og berre 2 timar frå Bergen i nord og omlag ein time frå Haugesund i sør.
Arbeidsoppgåver
- Jobbe i fyrstelinjetenesta og ha ansvar for utadretta verksemd i samråd med klinikkleiar og kollegaer
- Klinisk arbeid som omfattar alle pasientgrupper, innklusive vaksne betalande pasientar
- Halde seg fagleg oppdatert og følge gjeldande lover og retningslinjer for evidensbasert behandling, samt jobbe for å nå målsettingane til Vestland fylkeskommune
- Delta i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling samt felles oppgåver for drift av klinikken
Kvalifikasjonar
Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannpleiar og beherske norsk munnleg og skriftleg. Den som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram gyldig politiattest. Relevant informasjon for søknaden må være oversett til norsk.
Personlege eigenskapar
- Likar å jobbe med menneske og som set pasienten i fokus
- Arbeider sjølvstendig og meistrar travle dagar
- Er positiv og serviceinnstilt
- Har gode kommunikasjon og samarbeidsevner og evne til å skape gode relasjonar til pasientar, pårørande,medarbeidarar og andre samarbeidspartnarar
- Ha fagleg integritet og fokus på fagleg utvikling
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø på klinikken
- Det vert vektlagt at søkjar er personlig eigna til stillinga
Vi tilbyr
Løn etter tariffavtale.
Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode offentlege forsikrings- og pensjonsordningar
Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsettinga i Vestland fylkeskommune vert gjort med ei prøvetid på 6 mnd.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova §25,2 ledd kan opplysninga om søkjaren bli offentleggjort sjølv om ein har oppmoda om ikkje å bli sett på offentleg søkjarliste. Om du har bedt om unntak, vil du bli varsla før søkjarliste vert offentleggjord
Kontaktinformasjon
Margareth Simonsen Råen, områdeleiar tannhelse, 99021332
Arbeidsstad
Borggata 5
5417 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 4941298358
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.04.2025
DIVERSE INFO