Tannlegeassistent 40% vikariat med mulighet for fast ansettelse – Voss Tannhelsesenter AS
Health and social care Medical Secretary(4 days ago)
Job Description
Published 17-03-2025
Deadline: 20-04-2025
Tannlegeassistent 40% vikariat med mulighet for fast ansettelse
Me søkjer ein tannlegeassistent til Voss Tannhelsesenter.
Me søkjer ein positiv og blid tannlegeassistent. Autorisasjon som tannhelsesekretær er ønskjeleg, men ikkje eit krav då opplæring vil bli gitt. Du må vera service-innstilt, engasjert og ha omsorg for medmenneske, og dessutan vera glad i å arbeida med både barn, ungdom og vaksne. Har du stå-på-vilje og likar å jobba når det er hektisk rundt deg, samtidig som du er nøye og effektiv, så ønskjer me å høyra frå deg.
Stillingsprosent:
Stillinga er eit 40% vikariat med moglegheit for forlenging. Søkjarar som er fleksible og kan jobba ekstra vakter ved behov vil prioriterast.
Arbeidstida er måndag og torsdag, kl. 08:00 -16:00
Arbeidsoppgåver:
-
Assistera kjeveortoped, tannlege og tannpleiar
-
Arbeida sjølvstendig og i team
-
Diverse assistentoppgåver
-
Reingjering og klargjering av behandlingsrom
-
Reinhald
-
Sterilisering av utstyr
-
Resepsjonsoppgåver
-
Journalarbeid og timebok
Kvalifikasjonar:
-
Norsk autorisasjon som tannhelsesekretær er ønskjeleg, men er ikkje ein føresetnad.
-
Grundig opplæring vil bli gitt.
Personlege eigenskapar:
-
Pliktoppfyllande og dedikert
-
Du må kunna arbeida sjølvstendig og i team
-
Positiv og profesjonell haldning
-
Du må vera service-innstilt og ha pasienten i fokus
-
Ryddig og strukturert
-
Du må kunna handtera ein til tider travel arbeidskvardag
-
Gode kommunikasjonsevner i munnleg og skriftleg norsk
-
God munnleg kunskap i engelsk
Me tilbyr:
-
Grundig opplæring vil bli gitt
-
Eit godt fagleg miljø
-
Kurs
-
Eit svært godt og triveleg arbeidsmiljø
-
Løn etter avtale
Kortfatta søknad med CV kan sendast til post@vossatann.no
Kopi av attestar, vitnemål og referansar blir tekne med i samband med intervju.
Tiltreding snarast.
Søknadar vil verta fortløpande vurdert. Berre relevante søkjarar vil bli kontakta.
Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga jfr. Tannhelsetjenesteloven §3, samt Helsepersonelloven §20a.
Søknadsfrist: 20.04.25
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Voss Tannhelsesenter AS orgnr: 924931868 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Voss Tannhelsesenter er ein veletablert og moderne tannklinikk i Bøndenes Hus sentralt på Voss. Me tilbyr spesialistbehandling i tannregulering (kjeveortopedi) og generell tannbehandling for alle pasientgrupper. Me held til i lyse og trivelege lokale og bruka det nyaste og mest moderne av utstyr. |
Webside | https://www.vossatann.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Helsesekretær |
Sted | VOSS (Adresse: Skulegata 11 A Postnr: 5700) |
Stillingstype | Vikariat Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Privat |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Etter avtale |
Søknadsfrist | 20-04-2025 |