Tannlege – vikariat i 100% stilling ved Ålesund kompetanseklinikk – Ålesund kompetanseregion, Møre og Romsdal fylkeskommune
Health and social care Tannhelse/-pleie(3 days ago)
Job Description
Published 27-01-2025
Deadline: 21-02-2025
Tannlege – vikariat i 100% stilling ved Ålesund kompetanseklinikk
Vi har ledig vikariat i 100% stilling som tannlege ved Ålesund kompetanseklinikk. Varigheit ut 2025, med moglegheit for forlenging.
Ålesund kompetanseklinikk er ein av landets største offentlege tannklinikkar med topp utstyrte og moderne behandlingsfasilitetar i sentrum av Ålesund (Kremmergården). Klinikken har 13 000 pasientar og 40 tilsette, og fungerer som henvisningspraksis for dei andre offentlege tannklinikkane i Ålesundsregionen.
Arbeidsoppgåver
Varierte kliniske arbeidsoppgåver med alle pasientgrupper, også vaksne betalande pasientar. Arbeidsoppgåver er hovudsakeleg klinisk virke med odontologisk undersøkingar og behandling. I tillegg omfattar stillinga òg administrative oppgåver, kontakt med pasientar, pårørande og andre samarbeidspartar.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som tannlege.
- God kommunikasjonsevne på norsk/skandinavisk, både munnleg og skriftleg
- Den som blir tilsett må levere politiattest.
- Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasientsikkerheit.
Personlege eigenskapar
- Trives med å jobbe med og for mennesker
- Jobbar effektivt og sjølvstendig
- God samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert
- Ønsker å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ein god jobb der du kan utvikle deg
- Lønn etter avtale
- Oppdatert og fin tannklinikk
- Eit fagleg nettverk med påfyll av kompetanse
- Trivelege medarbeidarar og godt miljø
- Introduksjonsprogram for alle våre nye kollegaer
- Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg
- Trygge pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP)
Anna
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest
Kontaktinformasjon
Karoline Stølen, 45003 Klinikkleder, 99748938
Are Kristoffer Hjeltnes, Overtannlege Ålesund kompetanseregion , 92045001
Arbeidsstad
Notenesgata 6
6002 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 4911488565
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 21.02.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Ålesund kompetanseregion, Møre og Romsdal fylkeskommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit. Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar. Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling. Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling. Sjå korleis det er å jobbe i tannhelsetenesta i Møre og Romsdal Interessert i jobb i den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal?
Vi treng deg i det viktige samfunnsoppdraget vårt! |
Webside | https://mrfylke.no/tenester/tannhelse/jobb-i-tannhelse/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Tannhelse/-pleie |
Sted | ÅLESUND (Adresse: Notenesgata 6 Postnr: 6002) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 21-02-2025 |