Tannlege – Måløy tannklinikk, Vestland fylkeskommune

Health and social care Tannhelse/-pleie

(15 hours ago)

  • MÅLØY
  •  Post Date: 10. October 2024
  •  Expire date: 25. October 2024
Job Description

Published 10-10-2024
Deadline: 25-10-2024

 

Tannlege

Vestland tannhelseteneste – Måløy tannklinikk har ei 100% fast stilling som tannlege med startdato 1.januar eller etter avtale. Til stillinga ligg der mogelegheit for ambulering til Selje og Bremanger ved behov, med gode økonomiske vilkår. Vi tilby lønn etter avtale med ei minstelønn på 630 000 kr og eit rekrutteringstillegg på 30 000 kr årleg til denne stillinga, dvs. at minstelønn er 660 000 kr. 

Måløy er ein kystby i Kinn kommune med rundt 3200 innbyggjarar. Frå hamna kan du ta deg ein tur rundt i gågata og ete god mat på ein av dei mange restaurantane. Du kan oppleve attraksjonar som Kannesteinen, Refviksanden i nærmiljøet ditt, og besøke eit av dei mange fyra rundt Vågsøy. Måløy er stoppestad for Hurtigruta, og det er gode turmogelegheiter i området. Det er fleire gode idretts- og fritidstilbod og treningssenter i bygda.

Måløy tannklinikk er ein klinikk med 3 tannlegar, 2 tannpleiarar og 3 tannhelsesekretærar. Det er eit godt arbeidsmiljø, og gode mogelegheiter for fagleg utvikling med pasientar i alle aldrar.

Opplev Måløy

Kinn kommune

Kvalifikasjonar

Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannlege og beherske norsk munnleg og skriftleg. Den som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram gyldig politiattest. Relevant informasjon for søknaden må være oversett til norsk.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar. 

Vi søkjer deg som:
– Likar å jobbe med menneske og som set pasienten i fokus
– Arbeider sjølvstendig og mestrar travle dagar
– Er positiv og serviceinnstilt
– Har gode kommunikasjonsevner
– Har gode samarbeidsevner
– Har fagleg integritet og fokus på fagleg utvikling
– Bidreg til eit godt arbeidsmiljø på klinikken
– Har evne til å skape gode relasjonar til pasientar, pårørande, medarbeidarar og andre samarbeidspartnarar
– Ønskjer å være med på å utvikle Vestland tannhelseteneste

Det vert vektlagt at søkjar er personleg eigna til stillinga.

Vi tilbyr

 –         ei spennande og variert stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
–          gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
–          godt samarbeid, tett kontakt, dialog og oppfølging mellom klinikkleiar og kollega
–          lønn etter avtale med ei minstelønn på 630 000 kr
–          rekrutteringstillegg på 30 000 kr årleg
–          fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode offentlege forsikrings- og pensjonsordningar
–          mogelegheit for ambulering med gode økonomiske vilkår 

 

Andre opplysningar

Alle nytilsettinga i Vestland fylkeskommune vert gjort med ei prøvetid på 6 mnd.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova §25,2 ledd kan opplysninga om søkjaren bli offentleggjort sjølv om ein har oppmoda om ikkje å bli sett på offentleg søkjarliste. Om du har bedt om unntak, vil du bli varsla før søkjarliste vert offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Elisabet Skrede, områdeleiar tannhelse, 57638010

Arbeidsstad

Gate 1 59
6700 Måløy

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4868776086
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Måløy tannklinikk, Vestland fylkeskommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver Tannhelsetenesta i Vestland fylkeskommune gir tannhelsetenester til alle under 24 år. Vi behandlar og personar med utviklingshemming, mottakarar av heimesjukepleie, personar på sjukeheimar og rusavhengige. Vi har ein unik kompetanse som òg kjem vaksne betalande pasientar til gode. Ved Tannhelsetenesta kompetansesenter – TkVestland, tilbyr vi spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland. Tilsette i tannhelsetenesta i Vestland gir og eit tilpassa tannhelsetilbod til torturofre, overgrepsofre og til personar som har sterk angst for tannbehandling (odontofobi).
Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Tannhelse/-pleie
Sted MÅLØY (Adresse: Gate 1 59 Postnr: 6700)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 25-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/ca805eff-9d11-4604-9efa-0144f22abd59
IMPORTAPI