Job Description

Published 15-12-2024
Deadline: 06-01-2025

 

Tannhelsesekretær ved Kristiansund kompetanseklinikk

Vi har ledig fast, 100% stilling som tannhelsesekretær ved Kristiansund kompetanseklinikk.

Nye Kristiansund kompetanseklinikk opna i november 2024. Kompetanseklinikken er ein av fylkets største offentlege tannklinikkar med topp utstyrte og moderne behandlingsfasilitetar på Campus Kristiansund i bysentrum.

 

Arbeidsoppgåver

  • Varierte kliniske arbeidsoppgåver med alle pasientgrupper, også vaksne betalande pasientar.  
  • Hygieneansvar og smittevernoppgåver. 
  • Administrative oppgåver knytte til timebestillingar, journalsystem og pasientkontakt. 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som tannhelsesekretær.
  • Søkarar utan autorisasjon kan bli vurdert for tilsetting i stilling som assistent (st.kode 6572) dersom vi ikkje har kvalifiserte kandidatar med gyldig autorisasjon som tannhelsesekretær.
  • God kommunikasjonsevne på norsk/skandinavisk, både munnleg og skriftleg.
  • Den som blir tilsett må levere politiattest.
  • Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasientsikkerheit.  

Personlege eigenskapar

  • Trivst med å jobbe med og for mennesker.
  • Jobbar effektivt og sjølvstendig.
  • God samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert.
  • Ønsker å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø. 

Vi tilbyr

  • Ein god jobb der du kan utvikle deg 
  • Lønn etter tariffavtale
  • Eit fagleg nettverk med påfyll av kompetanse 
  • Trivelege medarbeidarar og godt miljø 
  • Introduksjonsprogram for alle våre nye kollegaer 
  • Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg 
  • Trygge pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP)

Anna
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest

Kontaktinformasjon

Ingri Nilsson Valle, Klinikkleder, 45416614

Arbeidsstad

Fosnagata 12
 Kristiansund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 4896259761
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 03.02.2025
Søknadsfrist: 06.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kristiansund kompetanseregion, Møre og Romsdal fylkeskommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Bli med å utvikle regionen saman med oss!

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Ledige stillingar innan tannhelse (mrfylke.no)

Interessert i jobb i den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal?

  • Ønsker du spennande utfordringar i eit av landets vakraste fylke?
  • Blir du motivert av å jobbe for – og med – menneske?
  • Ønsker du eit meiningsfylt arbeid med varierte pasientgrupper?
  • Vil du vere ein del av eit fagleg nettverk og ein organisasjon som opptatt av læring, samarbeid og tillit?

    Tannklinikkane våre (mrfylke.no)

Vi treng deg i det viktige samfunnsoppdraget vårt!

Webside http://mrfylke.no/jobb
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsesekretær
Sted KRISTIANSUND N (Adresse: Fosnagata 12 Postnr: 6509)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 03-02-2025
Søknadsfrist 06-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/6c3b069a-8da0-4260-abba-ce73b3077023
IMPORTAPI