Job Description

Published 18-03-2025
Deadline: 03-04-2025

Tannhelsesekretær

Ved Bremnes tannklinikk er der ledig 100%  sommervikariat som tannhelsesekretær/assistent frå 30.6.25 tom 15.08.25

Bremnes tannklinikk er ein tannklinikk med 3 tannlegar, 1,6 tannpleiarar og 3,6 tannhelsesekretærar

Kvalifikasjonar

Søkjar må ha autorisasjon som tannhelsesekretær. Anna relevant helsefagleg bakgrunn kan vurderast. 
Søkjar må beherske norsk skriftleg og munnleg. Den som vert tilsett må leggje fram politiattest.  

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar. 
Vi søkjer deg som:
– Likar å jobbe med menneske og som set pasienten i fokus
– Arbeider sjølvstendig og mestrar travle dagar
– Er positiv og serviceinnstilt
– Har gode kommunikasjonsevner
– Har gode samarbeidsevner
– Har fagleg integritet og fokus på fagleg utvikling
– Bidreg til eit godt arbeidsmiljø på klinikken
– Har evne til å skape gode relasjonar til pasientar, pårørande, medarbeidarar og andre samarbeidspartnarar
– Ønskjer å være med på å utvikle Vestland tannhelseteneste

Det vert vektlagt at søkjar er personleg eigna til stillinga.

Vi tilbyr

 –         ei spennande og variert stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
–          gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
–          godt samarbeid, tett kontakt, dialog og oppfølging mellom klinikkleiar og kollega
–          løn etter gjeldande tariff
–          fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode offentlege forsikrings- og pensjonsordningar
 
Andre opplysningar
Alle nytilsettinga i Vestland fylkeskommune vert gjort med ei prøvetid på 6 mnd.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova §25,2 ledd kan opplysninga om søkjaren bli offentleggjort sjølv om ein har oppmoda om ikkje å bli sett på offentleg søkjarliste. Om du har bedt om unntak, vil du bli varsla før søkjarliste vert offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Margareth Simonsen Råen, områdeleiar tannhelse, 99021332

Arbeidsstad

Svortlandsvegen 117
5430 Bremnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4941051281
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Startdato: 30.06.2025
Sluttdato: 15.08.2025
Søknadsfrist: 03.04.2025

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver IDI – Sveio/Bømlo klinikkområde, Vestland fylkeskommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver Tannhelsetenesta i Vestland fylkeskommune gir tannhelsetenester til alle under 24 år. Vi behandlar og personar med utviklingshemming, mottakarar av heimesjukepleie, personar på sjukeheimar og rusavhengige. Vi har ein unik kompetanse som òg kjem vaksne betalande pasientar til gode. Ved Tannhelsetenesta kompetansesenter – TkVestland, tilbyr vi spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland. Tilsette i tannhelsetenesta i Vestland gir og eit tilpassa tannhelsetilbod til torturofre, overgrepsofre og til personar som har sterk angst for tannbehandling (odontofobi).
Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Andre helseyrker
Sted BREMNES (Adresse: Svortlandsvegen 117 Postnr: 5430)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse 30-06-2025
Søknadsfrist 03-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/ff173f9f-f37c-40f1-88e1-f04634e89841
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31