Tannhelsesekretær – IDI – Åsane tannklinikk, Vestland fylkeskommune
Health and social care Medical Secretary(1 day ago)
Job Description
Published 26-11-2024
Deadline: 12-12-2024
Tannhelsesekretær
Vest Tannhelseområde har ledig ei 100% stilling som tannhelsesekretær frå 01.01.2025.
Tenestestad er for tida Åsane tannklinikk. Klinikken har til saman 14 tilsette: 5 tannlegar, 3 tannpleiarar og 6 tannhelsesekretærar. Åsane tannklinikk er lokalisert på Åsane Vidaregåande skule som ligg sentralt i bydelen (mellom Åsane senter og Horisont).
Arbeidsoppgåver
– Jobbe i fyrstelinjetenesta og ha ansvar for utadretta verksemd i samråd med klinikkleiar og kollegaer
– Klinisk arbeid som omfattar alle pasientgrupper, inklusiv vaksne betalande pasientar
– Halde seg fagleg oppdatert og følge gjeldande lover og retningslinjer for evidensbasert behandling, samt jobbe for å nå målsetnadane til Vestland tannhelseteneste
– Delta i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling samt andre felles oppgåver for drift av klinikken
Kvalifikasjonar
– Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannhelsesekretær
– Søkjar må beherske norsk skriftleg og munnleg
– Den som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram politiattest
Personlege eigenskapar
– Likar å jobbe menneske og som set pasienten i fokus
– Arbeidar sjølvstendig og meistrar travle dagar
– Er positiv og serviceinnstilt
– Har gode kommunikasjonsevner
– Har gode samarbeidsevner
– Har fagleg integritet og fokus på fagleg utvikling
– Bidreg til eit godt arbeidsmiljø på klinikken
– Har evne til å skape gode relasjonar til pasientar, pårørande, medarbeidarar og andre samarbeidspartnarar
– Ynskjer å være med på å utvikle Vestland tannhelseteneste
Det vert vektlagt at søkar er personleg eigna til stillinga.
Vi tilbyr
– Ei spanande og variert stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
– Løn etter gjeldande tariff Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode offentlege forsikrings- og pensjonsordningar
Kontaktinformasjon
Martine Aksnes-Aarlie, klinikkleiar (tannpleiar), 93605917
Agnete Norheim Kaldestad, områdeleiar tannhelse, 41644936
Arbeidsstad
Åsane Senter 52
5116 Ulset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 4875923504
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.12.2024
DIVERSE INFO