Tannhelsesekretær – IDI – Årstad tannklinikk, Vestland fylkeskommune

Health and social care Medical Secretary

(15 hours ago)

  • BERGEN
  •  Post Date: 5. November 2024
  •  Expire date: 19. November 2024
Job Description

Published 05-11-2024
Deadline: 19-11-2024

 

Tannhelsesekretær

Vest Tannhelseområde har ledig ei 100% fast stilling som tannhelsesekretær med oppstart frå 27.11.2024.

Tenestestad er for tida Årstad Tannklinikk. Klinikken høyrer til Årstad klinikkområde som også inkluderer Ladegården Sykehjem Tannklinikk og Røde Kors Sykehjem Tannklinikk. Klinikken har til saman 24 tilsette: 10 tannlegar, 3 tannpleiarar og 11 tannhelsesekretærar.  Årstad tannklinikk er lokalisert på Årstadvollen, i nabobygget til Institutt for klinisk odontologi (IKO).  Klinikken samarbeider med IKO og har ansvar for å gi klinisk praksis og rettleiing til tannlege- og tannpleiarstudentar i gerodontologi. Den som blir tilsett må rekne med å delta i rettleiing av studentar, samt jobbe på Ladegården Sykehjem tannklinikk og Røde Kors Sykehjem tannklinikk, ved behov. 

Arbeidsoppgåver

–          Klinisk assistanse ved tannbehandling
–          Røntgentaking
–          Oppdekking, etterfylling av instrument og materialer
–          Reinhald, sterilisering, vedlikehald av utstyr
–          Kjenne til og etterleve gjeldande rutinar i smittevern i klinisk odontologisk praksis
–          Ulike administrative oppgåver knytta til pasientbehandling og drift på klinikken
–          Bidra i arbeidet med å innfri tannhelsetenesta sitt samfunnsoppdrag og nå målsetnadane til Vestland tannhelseteneste
–          Delta i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling samt andre felles oppgåver for drift av klinikken
 
Andre oppgåver kan leggast til stillinga

Kvalifikasjonar

–          Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannhelsesekretær
–          Søkjar må beherske norsk skriftleg og munnleg
–          Den som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram politiattest
–          Det er ønskjeleg med tidligare klinisk erfaring, gjerne frå offentleg tannhelseteneste
–          Det er ønskjeleg med erfaring i bruk av Opus

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som:
–          Har evne til å jobbe sjølvstendig og til å ta initiativ
–          Er samvitsfull og har god gjennomføringsevne
–          Er positiv og serviceinnstilt
–          Har gode kommunikasjonsevner
–          Har gode samarbeidsevner
–          Jobbar systematisk og strukturert
–          Bidreg til eit godt arbeidsmiljø på klinikken
–          Ynskjer å være med på å utvikle Vestland tannhelseteneste
 
Det vert vektlagt at søkar er personleg eigna til stillinga.

Vi tilbyr

–          Ei spanande og variert stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
–          Løn etter gjeldande tariff
–          Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode offentlege forsikrings- og pensjonsordningar

Kontaktinformasjon

Hazel Axinto Rødseth, klinikkleiar (tannlege), 45650534
Agnete Norheim Kaldestad, områdeleiar tannhelse, 41644936

Arbeidsstad

Årstadveien 21
5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4881155324
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver IDI – Årstad tannklinikk, Vestland fylkeskommune orgnr: 990831041
Kort om arbeidsgiver Tannhelsetenesta i Vestland fylkeskommune gir tannhelsetenester til alle under 24 år. Vi behandlar og personar med utviklingshemming, mottakarar av heimesjukepleie, personar på sjukeheimar og rusavhengige. Vi har ein unik kompetanse som òg kjem vaksne betalande pasientar til gode. Ved Tannhelsetenesta kompetansesenter – TkVestland, tilbyr vi spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland. Tilsette i tannhelsetenesta i Vestland gir og eit tilpassa tannhelsetilbod til torturofre, overgrepsofre og til personar som har sterk angst for tannbehandling (odontofobi).
Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsesekretær
Sted BERGEN (Adresse: Årstadveien 21 Postnr: 5009)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 19-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/1c3182a2-a7a2-4466-ad33-080c96d51ba9
IMPORTAPI