Job Description
Published 28-10-2024
Deadline: 28-11-2024
SySIKT søker etter ny medarbeidar
SySIKT er IKT- samarbeidet for 8 kommunar i Sunnfjord og Sogn, og er med sine 20 tilsette blandt dei største og leiande IKT- miljøa i Sogn og Fjordane. Samarbeidet har som overordna visjon å utnytte moderne informasjons- og kommunikasjonsteknologi til å skape kvalitativt gode tenester. SYSIKT har ansvar for felles datasenter, nettverks-infrastruktur og drift av IKT i kommunane
SySIKT søker etter ein utviklings- og resultatorientert person til stilling som IKT konsulent/ IKT rådgjevar, for å ivareta eit eller fleire IKT-områder:
- Nettverksteknologi (LAN/WAN, WLAN)
- Microsoft-teknologi generelt (AD/Azure/Entra/M365)
- Helpdesk/teknisk driftstøtte
- Sikkerheitsløysingar
Her må det kunne reknast med endringar i tråd med IKT strategi som IKT styre legg til grunn.
Vi ønsker at du har:
- relevant erfaring
- relevant utdanning
- førarkort kl B
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- fokus på løysingar
God generell teknologiforståing og erfaring frå drift er ein fordel.
Personlege egenskapar:
- kan jobbe sjølvstendig og strukturert
- målretta og resultatorientert
- er engasjert og initiativrik.
- har gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskaper
Vi kan tilby:
- godt arbeidsmiljø.
- løn etter avtale.
- gode pensjon og forsikringsordningar
- gode vilkår for utvikling og kompetanseheving.
Vi er ute etter riktig person for jobben og oppfordrar deg til å søke sjølv om du ikkje oppfyller alle våre ønsker. Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt i vurderinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO