Sykepleier Natt – Øyeblikkeleg hjelp døgnavdeling (ØHD), Ålesund kommune

Health and social care Nurse

(15 hours ago)

  • ÅLESUND
  •  Post Date: 7. November 2024
  •  Expire date: 24. November 2024
Job Description

Published 07-11-2024
Deadline: 24-11-2024

 

Sykepleier Natt

Avdelinga held til ved Ålesund Lokalmedisinske Senter, rett ved sida av Ålesund sjukehus. ØHD-avdelinga
tek imot ferdig avklarde pasientar frå fastlege, legevakt og sjukehus. Avdelinga er eit interkommunalt
tilbod.

Vi har ledig fast sjukepleiarstilling i natturnus, med arbeid kvar tredje helg. Den som går inn i
stillinga, må kunne arbeide turnus slik den foreligger. Stillingsprosent 62 %. 
Ved eventuell intern tilsetting, kan ein bli tilbydd anna stillingsprosent og/eller evt. anna vikariat. 

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver vert mellom anna:

  • Mottak av pasientar til avdelinga.
  • Vurdere, observere og behandle.
  • Prøvetaking.
  • Sjølvstendig planlegging og ta raske avgjersler.
  • Samarbeid og tverrfaglig oppfølging med aktuelle instansar (lege, spesialisthelsetenesta, kommune,
    legevakt).
  • Generelle oppgåver i avdelinga.

Kvalifikasjonar

Autorisasjon som sjukepleiar.

  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
  • God observasjons-, vurdering og behandlingskompetanse.
  • Fordel med erfaring frå blant anna akuttavdeling, legevakt eller observasjons/oppvåkningspost.
  • Høg sjukepleiefagleg interesse

Personlege eigenskapar

Personlig egnethet for stillinga tilleggast stor vekt.

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsegenskaper.
  • Godt klinisk blikk.
  • Godt humør og positiv fremtoning.
  • God arbeidskapasitet og trives med høyt arbeidstempo.
  • Lojalitet mot arbeidsplass og kollegaer.
  • Kunne arbeide i tråd med sjukepleiens yrkesetiske retningslinjer.

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse og trivlege arbeidskollegaer.
  • Spanande, varierande og utfordrande arbeidsoppgåver.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.

Kontaktinformasjon

Gunhild Hareide, Avdelingsleder ØHD og overgrepsmottak, 990 13 098, gunhild.hareide@alesund.kommune.no

Arbeidsstad

Åsesvingen 16
6017 ÅLESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune

Referansenr.: 4879130553
Stillingsprosent: 62%
Fast
Søknadsfrist: 24.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Øyeblikkeleg hjelp døgnavdeling (ØHD), Ålesund kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

Webside http://www.alesund.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted ÅLESUND (Adresse: Åsesvingen 16 Postnr: 6017)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 24-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/9cf9f123-d59c-4822-a1ff-78d0d227781e
IMPORTAPI